Hopp til innhold

Promillekøyrar bad fint for førarkortet

Mannen vart stogga med ein promille på 1,46. Han tilstod, men bad i Fjordane tingrett pent om å behalde førarkortet.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Ein mann i 30-åra er dømd til fengsel i 26 dagar og 30.000 kroner i bot etter ei promillekøyring i september i fjor.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var i 18-tida ein laurdag i september i fjor at mannen vart vinka inn ved Sanderplass i Førde.

Bak rattet sat ein godt rusa mann i 30-åra. Blodprøve tatt kring 1 time og 48 minuttar etter køyringa, viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,46 i promille.

Mannen, som er utanlandsk arbeidstakar i regionen, erkjende dei faktiske forholda. Under køyringa oppstod det ikkje fare- eller skadepotensielle situasjonar utover den fare slik ruspåverka køyring medfører.

I retten forklarte mannen at han treng førarkortet får å køyre mellom Norge og heimlandet der familien bur. Retten såg ikkje at tap av førarretten ville råke mannen hardare enn andre i same situasjon. Og let omsynet til trafikktryggleik og lik behandling vege tyngst.

Mannen vart frådømt førarretten i to år. Han må også 26 dagar i fengsel, samt betale ei bot på 30.000 kroner.

– Slik køyring er svært farleg, og skjer det ei ulukke så råkar den ofte vilkårleg og like gjerne uskuldige trafikantar som fotgjengarar som den som køyrer i påverka tilstand, skriv tingrettsdommar Gunnhild Grove.