Hopp til innhold

– Fotballen betyr ikkje så mykje no

Søndag skal Mats Solheim etter planen møte gamleklubben Kalmar i Allsvenskan. Attentatet i Stockholm gjer kampen uviktig.

Mulig terror i Stockholm

RYSTA: Dei dramatiske bileta frå Stockholm pregar fotballspelaren Mats Solheim frå Stryn.

Foto: Peter Bjurbo/Sveriges Radio

– Det er jo totalt uviktig med fotball når sånne ting skjer. På mange måtar hadde det vore naturleg om ein avlyste heile kampen, seier Hammarby-spelaren.

Mats Solheim frå Stryn er profesjonell fotballspelar for klubben Hammarby, som spelar i den svenske eliteserien Allsvenskan. Han bur og har sitt virke i Stockholm.

Mats Solheim

PREGA: Mats Solheim bur i Stockholm der han er profesjonell fotballspelar. Han seier at dramaet i dag går veldig inn på han.

Foto: Privat

– Det er jo heilt forferdeleg. Sjølv om eg var eit stykke unna det som skjedde, så går det innpå meg. Det er forferdeleg at det kjem nærare og nærare inn på oss, seier Solheim.

Solheim fortel at heile byen i dag er sterkt prega av at ein person fredag ettermiddag køyrde ein lastebil inn i ein butikk. I allefall tre menneske skal vere døde.

På søndag skal Hammarby spele eliteseriekamp mot Kalmar, den tenkjer ikkje Solheim så mykje på no, sjølv om det er ein viktig kamp mot hans eigen gamleklubb.

– Når det er folk som ikkje veit om dei får sjå sine kjære att, så er ikkje ein fotballkamp viktig.

Får mange meldingar heimefrå

Solheim skulle eigentleg på kino med ein kamerat då han plutseleg fekk beskjed om kva som hadde skjedd. Kinobesøket vart avlyst, og Solheim reiste heim.

– Det er veldig ubehagelig at folk kan få seg til å gjere noko slikt, den første tida, er det vel best å berre halde seg inne.

I mellomtida seier fotballproffen at han får mange meldingar og telefonar heimefrå.

– Folk ringer og sender melding heile tida, dei lurer på om det går bra med meg og om eg er trygg.