– Sogn og Fjordane er frå gammalt av eit næringsmessig sterkt fylket, men med ein svak tettstadstruktur, seier Rattsø.
Leiaren av Produktivitetskommisjonen som nyleg foreslo radikale strukturendringar for å innrette landet vårt på framtida vitja i går Næringsdagane i Førde.
– Ein brukte ikkje moglegheitene på 90-talet med å styrke regionsentera, men spreidde pengane for mykje og sit dermed med for lite bymessig struktur i dag, seier Rattsø.
Regjeringa vil ha færre og større kommunar, og i heile Kommune-Noreg sit ein no og diskuterer kven ein skal slå seg saman med.
- Les også:
Todelt by
– Byane har store økonomiske fordelar, og vi veit at byane trekker til seg meir folk. Spørsmålet er korleis Sogn og Fjordane skal kunne få til meir bymessig utvikling.
– Kva aksar ser du for deg?
– Det er vel vanskeleg å kome utanom aksen Førde-Flora, så då blir det ein todelt by som må finne ei arbeidsdeling for å utnytte byfordelane.
Rattsø vedgår at ein todelt by med sju mil i mellom kanskje ikkje er det mest ideelle.
- Les også:
– Men, det er kanskje betre enn alternativet. Det blir krevjande men det burde ligge til rette for arbeidsdeling mellom Flora som er mest businessorientert på kysten og Førde med offentlege arbeidsplassar og mykje kompetanse på utdanning.
Storkommune i Sunnfjord
Akkurat no pågår det ein stor samanslåingsdebatt mellom Førde, Flora og sju andre kommunar. Tida er knapp for alt i juni skal kommunestyra i dei ni kommunane ta stilling til kva alternativ dei ønskjer å gå vidare med. Så langt seier ein takk til alt.
- Les også:
– Det er absolutt ein god ide, ei kommunereform må bygge nokre arbeidsmarknadsregionar som gjer at utkantane blir trekte med i veksten i senteret.
Ein slik storkommune i Sunnfjord vil få 50 000 innbyggar, kring halvparten av dagens innbyggartal i Sogn og Fjordane.
– Kva då med randkommunane som ikkje kjem med under ein slik paraply?
– Å vere utkant er krevjande, det finst ikkje noko enkel løysing, men eg er heilt sikker på at alle kommunar i fylket er tent med vekst i Førde og Flora, seier Rattsø.