Det meiner professor i musikkpsykologi ved universitetet i Oslo, Even Ruud.
– Musikken er meint å gjere ventetida behageleg, men i dei fleste tilfella fører den til større frustrasjon, forklarer professoren.
Tvungen til å høyre på
– At ein ikkje kan leggje frå seg telefonrøret, og derfor er tvungen til å høyre på musikken, gjer at det liknar tortur, ifølgje Ruud.
Lytt på reportasjonen, og fortel oss om du er samd med professoren.
REPORTASJE:
Vi ynskjer óg å høyre kva for ein ventemelodi som er din favoritt, og ikkje minst, kva melodiar som du synest er tortur. Fortel di meining i kommentarfeltet under.