Hopp til innhold

Professor: – Sjølvsagt må Elin betale meir skatt

– Oppdrettsbransjen kan ikkje forskjellsbehandlast, seier økonomiprofessor. – Jau, han må faktisk det, svarer oppdrettar Elin Tveit Sveen.

 Elin Tveit Sveen i Marøy Havbruk

SÅRBART: – Hugs og at oppdrett er ei sårbar næring som kan bli påverka av laksesjukdom og anna, Elin Tveit Sveen, dagleg leiar i Marø havbruk i Flora.

– Det er like naturleg at oppdrettsbransjen skal ha ein grunnrenteskatt på 40 prosent som at kraftbransjen skal ha det, seier Mads Greaker, økonomiprofessor ved Handelshøgskolen Oslo Met.

Eit utval la måndag fram ei innstilling der dei rår staten til å innføre ein grunnrenteskatt, eller ein såkalla «lakseskatt», på overskot i havbruksnæringa, på 40 prosent.

– Vi legg oss på same nivå som vasskraftnæringa, og det meiner vi er rimeleg. Anten du utnyttar den eine eller den andre forma for felles naturressurs, bør du betale likt, uttalte Karen Helene Ulltveit-Moe, som leia utvalet.

LES MEIR: Utval foreslår 40 prosent skatt for oppdrettsnæringa

Mads Greaker, Professor ved Fakultet for samfunnsvitenskap, Oslomet

SJØLVINNLYSANDE: Det er like naturleg at oppdrettsbransjen skal ha ein grunnrenteskatt på 40 prosent som at kraftbransjen skal ha det, seier professor Mads Greaker.

Foto: Oslo Met

– Kan løyse fortøyingane

Elin Tveit Sveen, dagleg leiar i Marø havbruk i Flora, avviser forslaget og samanlikninga med vasskraftnæringa.

– I oppdrettsanlegga kan du løyse fortøyingane, flytte og produsere fisk andre stader, som til dømes på Island eller Færøyane, seier ho.

– Hugs og at oppdrett er ei sårbar næring som kan bli påverka av laksesjukdom og anna.

I fjor hadde selskapet hennar eit resultat før skatt på 37,8 millionar kroner i fjor. Av dette betalte ho 8,5 millionar kroner i skatt.

– Med grunnrenteskatt ville den samla skatten vore på 23,3 millionar. Då ville vi hatt mindre å setje av til dårlege tider.

Elin Tveit Sveen

LIKARE ENN ANDRE: Elin Tveit Sveen avviser samanlikninga med vasskraftnæringa.

Foto: NRK

– Kan ikkje samanliknast

Også stortingsrepresentant Tom Krister Nilsen (H) protesterer.

– Oppdrett kan ikkje samanliknast direkte med oljebransjen og kraftbransjen. Det er ikkje mogleg å flytte ei oljeplattform eller eit kraftverk til ein annan stad. Det kan ein med oppdrett, seier han.

Tom-Christer Nilsen

SEIER NEI: 40 prosent grunnrenteskatt vil vere svært uheldig for oppdrettsnæringa, meiner stortingsrepresentant Tom Krister Nilsen (H).

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Han åtvarar om at auka skatt kan føre til at oppdrettsnæringa fer utanlands.

– Dessutan blir det lettare for konkurrentane på Skottland, Færøyane, Canada og Chile åta ein større del av marknaden, seier han.

– Tom trussel

Frå politisk hald har innstillinga blitt negativt mottatt, og forslaget blir allereie omtalt som «politisk daudt». Ei fallitterklæring, meiner Mads Greaker.

– Det verkar som dei ikkje har sett seg inn i saka i det heile, seier han.

I eit innlegg i DN kallar han grunnrenteskatten «ein rettferdig skatt», og viser til Havressursloven. Der heiter det at «dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg».

– Det same burde gjelde utnytting av fjord og kystareala i Noreg.

– Tom Krister Nilsen i Høgre åtvarar om at auka skatt kan føre til at oppdrettsnæringa flaggar ut. Din kommentar?

– Det er ein tom trussel. Heile grunnen til at næringa går så bra er at det er avgrensa tilgang på lokalitetar. Dersom det hadde vore enkelt å setje opp oppdrettsanlegg kring om i verda, ville det allereie vore gjort, seier han.