Hopp til innhold

Professor: – Burde vore forska meir på følgjene for fisken

Professor Sigurd Stefansson ved Universitetet i Bergen meiner ein ikkje har forska nok på kva følgjer eit fjorddeponi vil få for fisken i Førdefjorden.

Vil forske på deponi og følgjer for fisk

VIL FORSKE: Professor Sigurd Stefansen meiner deponiet i Førdefjorden vil vere eit stort inngrep i økologien til fjorden.

Foto: Montasje / NRK

Han meiner det burde gjerast undersøkingar både før, under og etter at gruvedrifta blir sett i gong.

– Det er det ikkje opp til meg å pålegge nokon. Men det er eit viktig spørsmål i kor stor grad dette forandrar levevilkåra til fisken i fjorden. Så ja, det er grunn til uro, seier Stefansson.

Fryktar for beitet til fisken

Studiar i Sognefjorden og Trondheimsfjorden viser at beiting er viktig for både utvandrande smolt av sjøaure og laks.

Motstandarar fryktar at eit fjorddeponi kan øydeleggje det økologiske systemet i fjorden, medan forkjemparane meiner dette er godt nok utgreidd.

Stefansson meiner det burde vore gjort ytterlegare undersøkingar av korleis beitetilhøva til fisken vil bli ramma av inngrepa.

– Den tidlege fjordfasen er viktig for heile livshistoria til både laksen og sjøauren: at dei har tilgang til egna mat, at dei ikkje svelt i denne perioden og at dei byrjar å vekse raskt og så fort som mogleg etter utvandring, seier han.

Spesielt sjøauren er avhengig av at det er gode levekår i fjorden.

– Den vandrar ikkje ut på havet som laksen, men går og beitar i fjordane. Det er der den lever nesten heile livet, seier Stefansson.

Fryktar tilslamming

Professoren seier det er mogleg å undersøke kva følgjer eventuelle kjemikaliar i massane vil få for fisken. Dette kan gjerast i laboratorium og dermed før gruvedrifta blir sett i gong.

Dei økologiske konsekvensane kan ein ikkje studere i eit laboratorium. Det må eventuelt bli gjort i eit feltstudie, før og etter deponiet blir etablert. Det er fullt mogleg, men det vil krevje litt ressursar, seier Stefansson.

Motstandarar og forkjemparar for gruvedrifta er rykande usamde i følgjene av kjemikaliane, og om massande vil flytte på seg. Stefansson meiner det er grunn til å vere uroleg.

– Uroa mi er mest knytt til om det skjer ei tilslamming av dei meir grunne og produktive områda i fjorden. Viss det finst kjemikaliar i dette slammet, eller desse massane, så vil det vere veldig alvorleg, seier Stefansson.