NRK Meny
Normal

Professor: – Eit kvalitetsstempel

Fjord1-aksjane vart omsette for over åtte millionar kroner på sin første dag på Oslo Børs. Økonomiprofessor trur børsnoteringa er gull verdt for transportselskapet.

Markerte børsnotering av Fjord1.

TRUR PÅ POSITIVE RINGVERKNADER ETTER BØRSNOTERING: Tysdag vart det ringt i skipsklokkene på alle Fjord1 sine fartøy for å markere at selskapet no er på børs.

Foto: Truls Kleiven

– Det positive ved ei børsnotering er at det blir skapt merksemd. Folk blir interesserte, og dei ser at selskapet stig i verdi, noko eg trur dette selskapet vil gjere, seier Thore Johnsen som er emeritus professor ved Noregs handelshøgskole.

Med ein verdi på 3,4 milliardar kroner tok Fjord1 i går steget inn på Oslo Børs.

Medan administrerande direktør Dagfinn Neteland klappa til den ringande bjølla i hovudstaden, markerte selskapet sine tilsette børsnoteringa med å ringe i bjøllene på alle fartøya langs kysten.

Held fast på Florø

Thore Johnsen, professor i finans ved Norges Handelshøyskole

SKAPAR INTERESSE: Emeritus professor ved Noregs handelshøgskole, Thore Johnsen, seier Fjord1 vil oppleve større merksemd etter børsnoteringa.

Foto: Marit Hommedal

Fjord1 har i dag hovudkontor i Florø, og lokalt har fleire frykta at inntoget på børsen kan føre til at kontoret blir flytta vekk frå kystbyen.

– Hovudadministrasjonen ligg i Florø i dag og slik skal det også vere i framtida, sa styreleiar Vegard Sævik til NRK.no i går.

Professor Thore Johnsen skildrar Fjord1 som eit selskap som ved sine lange kontraktar har stabil inntening. Korleis verdien vil endre seg, er vanskeleg å spå.

Ifølgje Johnsen er Fjord1 eit type selskap som kan vere svært interessant for såkalla PE-fond. Det er store investorar som kjøper selskapet av børs og vidareutviklar det.

– Det som kan vere tilfelle er at det kjem bod frå den typen investorar, og det vil køyre verdien av selskapet opp. No skal ikkje dei lokale interessene vere redde for at det vil endre administrasjonen eller verksemda. Det vil berre endre eigarskapen, og faktisk sikre drifta.

Økonomi og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe ringer Fjord1 inn på Oslo Børs.

PÅ BØRS: Økonomi- og finansdirektør Anne-Mari Sundal Bøe fekk æra av å ringe med bjølla på Oslo Børs for å markere noteringen av Fjord1. Til høgre for hos står administrerande direktør Dagfinn Neteland.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Større tillit

Økonomiprofessoren gir administrerande direktør Dagfinn Neteland rett i at børsnoteringa vil gje positive ringverknader på fleire måtar.

– For det første er børsnoteringa positiv fordi det gir tilgang på ein større og djupare kapitalmarknad som vi kallar det, altså meir pengar – dersom dei er i stand til å drive godt. Det gjer moglegheit for vekst og eventuelle oppkjøp, seier Johnsen.

Han er rask med å presisere at det vil vere avgrensa kva oppkjøp Fjord1 kan gjere sidan dei allereie er så store.

– For det er andre er dette eit kvalitetsstempel. Det betyr at kundar, leverandørar og andre interessentar får større tillit til selskapet.

Johnsen seier også at leiinga vil sjå at børsen vil reagerer på korleis dei driftar selskapet.

– Børsen vil verke korrigerande ved å gje tilbakemeldingar. Kursen går opp om leiinga gjer lure ting, og ned om dei gjer dumme ting.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.