NRK Meny
Normal

Professor møtt av klimaprotest

Leiaren i Lågutsleppsutvalet, professor Jørgen Randers, møter motbør for bagatelliseringa av klimautsleppa frå PC.

Jørgen Randers og Helen Bjørnøy

UTVALSLEIAR: Jørgen Randers leia Lågutsleppsutvalet og overleverte rapporten til miljøvernminister Helen Bjørnøy.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Randers meiner det ikkje vil monne klimamessig at folk kjøper færre datamaskiner og fjernsynsapparat.

Tidlegare måndag fortalde NRK at desse produkta blir skulda for å vere dei nye miljøverstingane .

– Det er viktig å halde ting i perspektiv. Hushaldningsgjenstandar leiar til eit visst klimautslepp, men det er ingenting i høve til det ein vanleg hushaldning slepp ut frå sin bil, frå oppvarming av huset og sine flyreiser til Thailand, meiner Randers.

– Ein stor del

Det er ny gransking som viser at hushaldningselektronikk er den nye klimaverstingen i norske heimar.

Mange kastar fullt brukbart utstyr for å få nye modellar. I dag kjøper til dømes nordmenn meir enn dobbelt så mange TV-apparat som for ti år sidan.

– For å redde klimaet må dei totale utsleppa frå ein norsk hushaldning bli reduserte til 1000 kilogram per år innan 2050. Då utgjer utsleppa berre frå PC-ar og TV-apparat ein stor del, seier Edgar Hertwich, professor ved Program for industriell økologi ved NTNU.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Dei nye miljøverstingane

SJÅ TV-SAKA: Ny undersøking viser at pc-ar og flatskjermar er blitt dei nye miljøverstingane i norske heimar.

Utgjer lite

Randers leia Lågutsleppsutvalet som skulle finne ut korleis Norge kan kutte utslepp av klimagassar med 50-80 prosent innan 2050.

Han meiner at folk heller bør konsentrere seg om å fly mindre og køyre miljøvenlege bilar.

– Dersom ein skal gjere noko for å betre framtidas klima, så er det å skaffe seg ein bil som slepp ut lite Co2 per kilometer, å etterisolere huset sitt og fly lite eller reise to veker på ferie i ein gang i staden for to turar på ei veke, slik at du reduserer flytida.

Utslepp i Kina

Arild Hermstad

USAMD: Arild Hermstad i Framtiden i våre hender.

Foto: NRK

Haldninga til Randers møter motbør frå Framtida i våre hender.

Leiar Arild Hermstad meiner professoren overser at mykje utslepp frå norsk forbruk, som datamaskiner og fjernsynsapparat, skjer under produksjonen i Kina.

– Vår forbruksvekst er også eit problem, for det gjer det vanskelegare for Kina å kutte sine utslepp. Eg trur det er viktig at nordmenn tenkjer på at det du kjøper bør vere typisk varer som ikkje har så veldig høgt utslepp verken i produksjon eller forbruk.

Lenger garanti

Lars Haltbrekken

GARANTI: Lars Haltbrekken, leiar av Norges Naturvernforbund.

Foto: NRK

Lars Haltbrekken hos Norges Naturvernforbund meiner Regjeringa må auke garantitida på datamaskiner og flatskjermar, som i dag er på fem år.

– Det betyr at produsentane må produsere meir haldbare produkt, meir lønnsamt for folk å reparere framfor å kjøpe nye, meiner han.

Randers er usamd.

– Draumen om å få folk til å halde PC og TV lenger enn dei gjer no, er nok ein draum som berre vil kunne motverkast om prisen på desse aukar dramatisk. Det vil ikkje skje for det er det ikkje støtte til i befolkninga

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå