Hopp til innhold

Professor om framtida til breane: – Det er ganske dystre utsikter

Den varme sommaren har gått hardt ut over isbreane. Ifølgje rapportar frå klimaforskarar ser også framtida dyster ut.

Briksdalsbreen

2016: Her er Briksdalsbreen fotografert i juni 2016.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Målingar frå NVE viser at Nigardsbreen har gått tilbake 10 centimeter i døgnet den siste veka. Sidan 1899 har den gått tilbake over 2,7 kilometer, medan Briksdalsbreen har gått tilbake 800 meter. Professor Atle Nesje ved Universitetet i Bergen seier at utviklinga til breane kan vere grunn til bekymring.

– Det er grunn til å vere litt bekymra når vi ser kor fort breane smeltar. I alle fall no når temperaturen er så høg ser vi at det går veldig fort, seier han.

Atle Nesje

BEKYMRA: Professor Atle Nesje er uroa for utviklinga til breane. Her med eit målemerke ved Nigardsbreen frå 1899.

Foto: Svein Olaf Dahl

Nesje fortel at vinternedbøren er som ei inntekt for breen, medan sommarvarmen fører til bresmelting og vert som ei utgift.

– Det gunstige er milde og nedbørsrike vintrar med mykje snø på breane, med ein etterfølgjande kjølig sommar.

Vêret som har vore det siste året har vore langt frå optimalt for breane.

– Om vi ser på breåret 2017-18 var det mindre snø på breane enn normalt, sjølv om det var kaldt og til dels mykje snø i låglandet. Så har den varme våren og sommaren ført til mykje bresmelting, fortel Nesje.

– Markert tilbakesmelting

Ifølgje Nesje har det berre vore nokre få år sidan 2000 at breane har hatt overskot. Det beste året for breane var 2015, medan 2006 var det verste. Utviklinga sidan tusenårsskiftet gjeld ikkje berre Noreg.

– Då begynte ei markert tilbakesmelting. Dette er noko som vi også ser i dataa frå både resten av Europa og globalt.

Nigardsbreen

NIGARDSBREEN: Slik såg Nigardsbreen ut 1. august i år.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sjølv om breane no går tilbake, er ikkje Nesje sikker på om håpet for å få sjå dei i framtida er ute.

– Eg vil ikkje seie at håpet er ute, men vi er avhengige av nokre vintrar med mykje nedbør, og kjølige somrar. Om vi får nokre år som 2014 og 2015 er det håp om at breane i alle fall vil stoppe tilbakegangen, og kanskje til og med vekse litt igjen, seier han.

Dei siste rapportane frå klimaforskarane er likevel ikkje særleg lovande for breane.

– Det er litt dystert når vi får modellar frå klimaforskarar som tyder på at sommartemperaturen vil stige dette hundreåret. Vinternedbøren vil også auke, men ikkje nok til å kompensere for dei høgare temperaturane. Det er altså ganske dystre utsikter.

Briksdalsbreen

TILBAKEGANG: Biletserien syner tilbakegangen til Briksdalsbreen frå 1995 til 2012.

Foto: Sigbjørn Myklebust, Ove Brynestad, Kurt Erik Nesje, Atle Nesje, Andreas Nesje