Hopp til innhold

Professor: – Legg høgskulefusjonen sørover på is

SOGNDAL (NRK): Professor Oddbjørn Bukve ber høgskulestyret venda ryggen til høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund torsdag, og heller snu seg mot Volda.

Oddbjørn Bukve

VIKTIG MOTMAKTVISJON: Professor Oddbjørn Bukve ved HiSF meiner ein fusjon med Høgskulen i Volda vil gi ein klar visjon, tufta på nynorsk og bygdenoreg, noko han meiner ei samanslåing med Bergen og Stord/Haugesund manglar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Høgskulestyret må frysa forhandlingane med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund og syta for at dei veit like mykje om moglegheitene ved eit samarbeid med Høgskulen i Volda, seier professor i organisasjon og leiing Oddbjørn Bukve ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF)

Høgskulestyret skal torsdag seia endeleg ja eller nei til fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund, noko høgskulerektoren tilrår.

Ivar Aasen-høgskule

Bukve og fleire tilsette ved Campus ved Høgskulen i Sogndal er usamd. Dei meiner ei samanslåing med berre Volda er den beste løysinga, men det alternativet er ikkje grundig nok greidd ut, tykkjer professoren.

– Skal du velja mellom to vegar, må du kjenna begge vegane like godt.

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

HØGSKULESTYRET: Styra ved høgskulane i Sogn og Fjordane (biletet) og Volda skal torsdag finna ut om det er grunnlag for å skipa ein felles høgskule på Nordvestlandet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

For ein eventuell Bergen/Stord/Haugesund/HiSF-fusjon er det skrive ein stor utgreiingsrapport, som kom før jul. Sjølv om det same ikkje er gjort for ein eventuell HiSF/Volda-fusjon, er rektor Rasmus Stokke usamd i kritikken:

– Volda har sagt nei til ei slik utgreiing. Me har like fullt hatt samtalar med rektoren og direktøren i Volda. Og i dag skal HiSF og Volda har eit felles styreseminar før styremøtet, seier Stokke.

På det felles styreseminaret skal HiSF- og Volda-styra finna ut om det er grunnlag for å skipa ein høgskule på Nordvestlandet. Bukve meiner Sogn og Fjordane og Volda har to viktige fellestrekk.

– Me ligg begge i kjerneområdet for nynorsken. Og me er begge bygdehøgskular som tek eit regionalt ansvar for bygderegionane. Dette er to viktige roller å ha, òg nasjonalt. Så eg likar tanken på eit samarbeid om ein Ivar Aasen-høgskule, seier Bukve.

Trond Ueland

FORVENTAR AVKLARING TORSDAG: – Styrevedtaket vårt i februar var ein inderleg invitasjon til Volda om å bli med sørover. Det har me ikkje fått svar på, seier styreleiar for HiSF, Trond Ueland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Den komplette vestlandshøgskulen

– Å leggja fusjonsarbeidet sørover på is er ikkje eit godt alternativ no, seier leiar i HiSF-styret Trond Ueland:

– Eg ønskjer heller å få med Volda i forhandlingane med Bergen og Stord/Haugesund – det ville ha gitt den komplette vestlandshøgskulen.

Ueland meiner fusjonsarbeidet sørover er kome så langt at det ville vera uansvarleg å trykkja inn pauseknappen no.

Styreleiaren meiner at nynorsken òg kan sikrast i ein vestlandshøgskule.

– Eg har allereie spelt nynorsk inn i styringsgruppa for fusjonen, men også av den grunnen hadde det vore heldig å få med Volda.

Presset på Volda aukar

Professor Bukve og styreleiar Ueland er einige om éin ting: Høgskulestyret i Volda må bestemma seg torsdag. Elles susar HiSF av garde på fusjonstoget sørover.

Stokke og Roppen

KREVJANDE VAL FOR VOLDA: Problemet for Volda-rektor Johann Roppen (t.h.) er at HiSF-rektor Rasmus Stokke er komen mykje lenger på fusjonsvegen enn høgskulen i nordfylket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Alternativa for Volda er anten vidare sjølvstende eller ein fusjon eller eit samarbeid med HiSF, seier rektor og styreleiar Johann Roppen ved Høgskulen i Volda.

Roppen er vald på sjølvstendelinje og satsa lenge på åleinegang i ein allianse med høgskulane i Molde og Lillehammer. Men dette blei for laust i fisken for kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Difor må Volda no vurdera samanslåing sørover, i tillegg til sjølvstendealternativet:

– Eg blir overraska om styret vårt blir med i den store vestlandshøgskulen, seier Roppen, som presiserer at HiSF sjølv må finna ut kva som er den beste vegen for dei.