Hopp til innhold

Kongstanken hans skubba ytterlegare ut i tid

Rektor Ole-Gunnar Søgnen kjempar for eit nytt yrkesuniversitet på Vestlandet, som òg inkluderer Høgskulen i Sogn og Fjordane. Men innskjerpa krav stikk kjeppar i hjula.

Ole-Gunnar Søgnen

PÅDRIVAREN: - Universitetsstatus er ikkje den viktigaste grunnen til at høgskulane i vest greier ut fusjon, seier høgskulerektor Ole-Gunnar Søgnen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me i Høgskulen i Bergen (HiB) vil ikkje makta å innfri krava i 2020, som var målet vårt. Me må nok venta nokre år, seier HiB-rektor Ole-Gunnar Søgnen.

I fem år har HiB ønskt å bli universitet, og Søgnen har den siste tida vore ein sterk pådrivar for at òg dei andre høgskulane på Vestlandet, blant dei Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), skal bli med og skipa ei universitet for dei store yrkesutdanningane, som lærar, sjukepleie og ingeniør.

Fusjonsutgreiing

– Også for eit slikt profesjonsuniversitet vil det ta lenger tid å innfri dei nye krava, men samstundes det vil ein slik stor institusjon bli fagleg sterkare, så det vil iallfall ikkje gjera det vanskelegare, seier Søgnen.

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

JA TIL FUSJONSUTGREIING: Høgskulestyret i Sogn og Fjordane ønskjer å greia ut fusjon med Bergen og Stord/Haugesund, i tillegg til vidare åleinegang.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Denne hausten har HiB, HiSF og Høgskulen Stord/Haugesund starta ei utgreiing av nettopp eit slikt profesjonsuniversitet.

Sjølv om HiSF-styret på nyåret skulle seia ja til å gå vidare med fusjonsforhandlingar - som kan enda opp med ei samanslåing - vil vegen til universitetsstatus altså bli humpete og lang. Grunnen er mellom anna skjerpa krav til doktorgradsutdanningane, som Stortinget vedtok i vår.

Frys alle søknader

Fleire høgskular, som Oslo og Akershus og Buskerud/Vestfold og Telemark, har tolka Regjeringa dit at viss dei var raske med å søkja om få bli universitet, kunne dei bli vurderte etter gamle reglar. Det kan dei berre gløyma, var bodskapen til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) denne veka til avisa Khrono.

Søgnen trur like fullt ikkje det faktumet at universitetstittelen vil hengja endå høgare, vil påverka ein eventuell fusjonsiver i HiSF-styret.

– Å oppnå universitetsstatus er ikkje den viktigaste drivaren for at me no prøver å søkja saman. Det er heller det at me saman prøver å skapa ein endå sterkare universitets- og høgskulestruktur på Vestlandet.