Hopp til innhold

Produsenten spent på korleis opningshelga går for Villmark 2

Denne helga er det noregspremiere på den norske skrekkfilmen Villmark 2. For produsent Einar Loftesnes er det ei naglebitande og spanande helg.

Einar Loftesnes og Ellen Dorris Petersen

PREMIERE PÅ KINOSETEVÆTAR: Produsent Einar Loftesnes frå Sogndal.

Foto: Montasje: Handmade Films in Norwegian Woods

– Fredag var vi nummer to, laurdag nummer fire, seier ein oppglødd Loftesnes, når NRK snakkar med han sundag kveld.

Dei endelege tala får han ikkje før måndag, men med jamne mellomrom er han innom og lèt som ha skal bestille kinobillettar for å få ein peikepinn.

– No er dei nesten utselde i Oslo og Bergen. I Oslo er det ikkje mogleg å oppdrive dobbeltsete i dag i alle fall.

Gode kritikkar

Opptaka til «Villmark 2» starta i fjor sommar og delar av filmen er spelt inn på Harastølen i Luster og på Kaupanger i Sogndal. Så langt har den fått gode skottsmål frå filmeldarane. VG karakteriserte den som ein kinosetevætande film. Eit godt utgangspunkt for ein «datefilm» ler Loftesnes.

– Dette er ein film der guten kan legge armen sin beskyttande rundt jenta si i kinosalen.

– Og tradisjonelt er sundagen då gjerne den store kinodagen?

– Det er gutar og jenter vi vil ha i kinosalen. Og dette er ein skummel film, der det kan vere greitt å ha ei hand å halde, seier Loftesnes.

– Kva betyr dei gode kritikkane de har fått så langt for besøkstala trur du?

– Vanskeleg å seie. Det er kjekt å få gode kritikkar, men viktigaste for er at folk går og ser filmen.

Klar for nye prosjekt

Medan den siste filmen har premiere på norske kinoar, er Loftesnes alt i gang med å tenke på neste film. Denne gongen i ein litt anna sjanger.

– Det blir det vi kallar ein katastrofefilm.

Han har latt seg inspirere av to store hendingar i heimfylket; tunnelbrannane i Gudvangatunnelen og Skatestraumtunnelen.

– Vi er ganske tidleg i utviklinga av den. Når tala for opningshelga for Villmark 2 har lagt seg så byrjar vi på måndag med tunnelprosjektet, og korleis vi skal gå vidare med det.