Hopp til innhold

Mildvêr skaper problem for skisentera

Den snøfattige vinteren skapar krisestemning på enkelte skianlegg i Sogn og Fjordane. No startar vinterferien, som er svært viktig for skisentera. Men utan snø hastar det no med inntekter for allereie gjeldstynga skianlegg.

Stryn vinterski og Harpefossen skisenter

LITE SNØ: Slik ser det ut i alpinbakkane ved Stryn vinterski og Harpefossen skisenter.

Foto: Nettkamera (Montasje)

– Det byrjar å nærmar seg ei krise her. Viss det ikkje skjer noko no, så veit eg ikkje kva som skjer, seier Kåre Tonning, som er dagleg leiar ved Stryn vinterskisenter.

Dei er eitt av fleire skisenter i fylket som har fått problem denne vinteren på grunn av mildvêr og mangel på nedbør. På Stryn Vinterski har dei ikkje hatt ope i skibakken i år.

Kombinasjonen av mangel på natursnø, og for høge temperaturar til å produsere kunstsnø, har ført til snøfrie skibakkar fleire stadar i Sogn og Fjordane.

Ved Stryn vinterskisenter har snøen latt vente på seg.

–Vi har laga ein del kunstsnø, men vi har ikkje hatt temperaturar låge nok til å lage så mykje som vi skulle ønskje no i januar. Så vi går framleis og ventar på natursnøen, og er heilt avhengige av at det skjer noko der, seier Tonning.

Krisestemning

For fleire av skisentera i fylket fører stengde skibakkar til underskot denne sesongen. På Stryn vinterskisenter trenger dei inntekt denne vinteren.

Får vi ikkje snø i sesongen, vil det vere meget negativt. Då er det opp til kreditorar kva som vil skje vidare..

Kåre Tonning

– Får vi ikkje snø i sesongen, vil det vere svært negativt. Då er det opp til kreditorar kva som vil skje vidare, men eg trur vi vil få snø, og eg trur vi kan redde det heile med ein litt lengre sesong i andre enden, seier Tonning

På Harpefossen skisenter i Eid deler marknadssjef Janne Endal Andersson uroa til Tonning.

Ved førre kuldeperiode fekk Harpefossen produsert nok kunstsnø til å kunne halde dei nedre delane av bakkane opne. Men også der har det vore ein dårleg start på sesongen.

– Det er jo klart at det ikkje er bra i forhold til inntektene. Så det er jo krise sånn sett, seier Andersson.

På Harpefossen har dei hatt effektiv produsering av snø dei dagane det har vore kaldt nok, og har difor nok snø til å kunne halde ope i vinterferien. Dei har hatt ope både dag- og kveldskøyring denne vinteren. Men også her håpar dei på meir snø, og Andersson merkar at det er mange i fylket som saknar snøen.

– Det er fleire som kjem til oss frå andre plassar i regionen. At det er ein stor lengsel etter snø her, er det ikkje tvil om, seier Andersson.

Alternativt tilbod

På Harpefossen har dei prøvd å gjere det beste ut av situasjonen gjennom å utnytte dei områda med snø som er tilgjengeleg. Dei har prøvd å trekke til seg heile familiar gjennom å tilby ulike aktivitetar i dei nedre delane av bakkane.

– Vi må satse på å skape mest mogleg blest om det som skjer her, og at det faktisk er ope, slik at dei som har lyst til å få snø under skia kan få det. Det er klart at det kan vere litt kjedeleg når alle heisane ikkje er opne, men då hjelper det at det er litt action lengre nede i bakken, seier Andersson.

Til trass for mildvêr har Harpefossen hatt nok snø til å kunne gjennomføre alle planlagde aktivitetar denne vinteren, som blant anna skiskule, skikurs og renn. Andersson meiner dette er viktig for rekrutteringa innan skisporten.

–Mange av ungane som er med på skiskulen vår har ski på beina for første gong. Hadde ikkje vi hatt ope no, så hadde vi missta den gjengen, og då ville ikkje dei få prøvd seg på ski før til neste år. I tillegg får dei kjenne på skiglede og meistring, seier Andersson

(Saka held fram etter bilete)

Airbag

NY I ÅR: Big Air Bag i nedste delen av bakken er eit av tilboda ein kan nytte seg av på Harpefossen

Foto: Janne Endal Andersson

Nedgang i besøkande

Sogndal Skisenter Hodlekve er eitt av skisentera i fylket som har vore heldigare med været no i vinter, og her vil dei ha full opningstid i vinterferien. Saman med Harpefossen, Sogn Skisenter, Jølster Skisenter, Sunnfjord Skisenter, Breimsbygda skisenter og Hornindal skisenter har dei hatt nok snø til å kunne opne skibakkar i år.

Men til trass for gode forhold på Hodlekve, merkar dei at det er færre folk i bakken no enn tidlegare år.

– Vi har jo ein sesong som er noko dårlegare enn vanleg, men så har vi likevel vore heldige, for vi har i alle fall fått snø. Men det er jo ikkje noko godt for oss eller området rundt oss at det ikkje er snø. For vi merkar at folk ikkje er like merksame på å komme seg på ski, seier dagleg leiar Cecilie Marese Grendahl.

Likevel merkar dei snømangelen som pregar resten av fylket.

– Vi får ein del førespurnader frå blant anna skular og alpingrupper som ynskjer å komme til oss, seier Grendahl

Hodlekve

HODLEKVE: Sesongen ved Sogndal Skisenter er dårlegare enn i fjor, trass gode forhold. Dagleg leiar seie dei merkar snømangelen som pregar resten av fylket.

Foto: Webkamera

Påverka av manglande snø i låglandet

Grendahl trur noko av årsaka bak lågare besøkstal er at folk gløymer litt av snøen når dei ikkje ser den elles rundt seg. For til trass for snøfylte bakkar på Hodlekve, er det lite snø å skimte i Sogndal sentrum.

– Når det er bart ute tenker ein ikkje på å ta turen til fjellet for å stå på ski. Ein kan jo like godt ta seg ein joggetur no som å oppsøke snøen, seier Grøndahl.

Held fram i trua på snøen

Ved fleire av skisentera er håpet framleis at det skal kome meir snø, slik at dei kan redde ein del av sesongen. På Stryn vinterskisenter satsar dei på å ha ope så lenge som mogleg.

Så då får vi sjå om publikum har lyst til å stå ski i april og mai, eg håpar det

Kåre Tonning

– Dersom det kjem snø vil vi halde ope så lenge vi kan, slik at folk kan få nytta seg av årskorta sine, og slik at dei som vil stå på ski får gjort dette. Høgaste trekket vårt går opp over tusen meter over havet, så det skal jo sånn sett vere snø til langt ut i sesongen. Så då får vi sjå om publikum har lyst til å stå ski i april og mai. Eg håpar det, seier Tonning.

Det same gjeld for Harpefossen

–Det har vore dårlege startar på sesongar før, og så har det kanskje blitt ei knallpåske, slik som i fjor. Og heldigvis er det jo det folk huskar, seier Andersson.