Hopp til innhold

Berre ei ferje på på Lavik - Oppedal etter defekt propell

Berre ei ferje er i drift på ferjestrekninga Lavik – Oppedal. Den eine ferja har problem med ein propell, opplyser Fjord1.

Bilane kjem av MF Lifjord i Lavik.

PROBLEM MED FERJE: Ein propell som ikkje verkar som den skal skaper krøll på ferjestrekningen Lavik–Oppedal. Berre ei ferje er i drift (arkivbilete).

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er problem med den eine propellen på ferja, seier driftsansvarleg Terje Seljestokken i Fjord1.

Det var like før klokka 11 at ferja fekk problem med å legge til kai fordi den ein propellen ikkje reagerer slik den skal.

Det betyr at det går ferje frå Oppedal kvar heile klokketime, og frå Lavik kvar halve klokketime, opplyser selskapet.

Det vert jobba med å reparere propellen, opplyser Seljestokken. Men det er førebels usikkert kor lang tid det vil ta.

– Vi håpar å få det i orden til i ettermiddag. Då aukar nok trafikken på så det hadde vore greitt å fått ordna det, seier Seljestokken.

Frå klokka 13:30 sundag er det igjen normal drift på sambandet, opplyser Fjord1.