Hopp til innhold

Alt starta med ein stengd fjellovergang – dermed stod problema i kø for «Igor»

Først prøvde sjåføren å komme over det vinterstengde Sognefjellet. Så small han i fjellveggen i Skjolden før han vart stogga på Skei av Statens vegvesen og fekk køyreforbod.

Sjåfør frå Estland

SLITSAMT: Sjåføren frå Estland ønskjer å vere anonym. No håpar han ting løyser seg, slik at han kjem seg heim att.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Tenk, 25 år på vegen utan skade. Og så skjer dette.

Sjåføren frå Estland er oppgitt, og unnskyldar seg raskt kvar gong telefonen ringjer. For det gjer den ofte. Problema står i kø når eit trafikkuhell får konsekvensar i framandt land.

Det gjer det ikkje enklare at trekkvogna er forsikra i Estland, tilhengaren i Sverige, samt at ein tredje aktør er transportør. Og at eigaren av trekkvogna nektar sjåføren løn frå desember og til no, grunna uhellet.

Vi kallar han «Igor», for han fryktar konsekvensane viss han seier namnet sitt.

Heime i Estland har han kone og born. Sjølv er han ingeniør, men jobbane forsvann då landet gjekk inn i EU, hevdar han.

Sidan har han køyrt turistbuss i Noreg om somrane, og tungtransport vinterstid. I trekkvogna har han det han treng for tida han er i Noreg – primus, lagringsvenleg mat for vekevis i slengen, og ei lita seng.

– Vatn fyller eg i ei flaske på bensinstasjonar, fortel han.

Skulle køyre returpapp til Trondheim

Den 27 tonn tunge tilhengaren er lasta med returpapp og vart lasta i Årdal. Så skulle turen etter planen gå til Trondheim.

– Visste du ikkje at Sognefjellet var stengt?

– Alle skilt var jo nedsnødde, så eg såg ikkje det før det var for seint.

På retur frå Skjolden møter sjåføren ein annan stor bil på fylkesveg 55. Og då blir det problem.

– Det var utruleg glatt. Eg låg i 20–30 km/t, men hadde ikkje sjanse til å stoppe. Dermed sa det bang. Eg er berre glad eg er i live.

Utruleg nok let vogntoget seg køyre, trass i møtet med fjellveggen. Men i smellen forsvann alt av speglar på høgre side, samt ein haug med lys. I tillegg vart det betydelege skadar både på trekkvogn og tilhengar.

Det fekk ein tipsar til å kontakte ei kontrollpatrulje frå Statens vegvesen som var på vegen torsdag. Dei stogga vogntoget på Skei. Og beskjeden var klar. Bruksforbod på både trekkvogn og tilhengar.

Inspektør Geir Leon Hetle i Statens vegvesen

HAR FORSTÅING: – Dei fleste sjåførane er skikkelege folk som prøver å gjere så godt dei kan, men det er rammene og betingelsane som kanskje gjer livet vanskeleg for dei når slikt skjer, seier inspektør i Statens vegvesen, Geir Leon Hetle.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Han hadde store skadar på framvegg og det som skal sikre lasta, og med 27 tonn last var han tungt lasta. Vi valde å eskortere han til Førde, og han får ikkje køyre vidare før han har retta opp i dei manglane vi har påpeika, seier inspektør Geir Leon Hetle i Statens vegvesen.

Meiner han vart tvinga til å køyre vidare

«Igor» snakkar russisk i telefonen og ristar på hovudet. Legg på og sukkar.

– Burde ikkje du skjønt at bilen ikkje var i køyrbar stand når du mangla alt av speglar på høgre side etter uhellet?

– Jau, eg ville ikkje køyre vidare. Men sjefen vil at eg skal køyre bilen til Estland for å få han reparert der. Men det går jo ikkje. Så då nektar han meg løn for desember og januar – i alt 2600 Euro. Eg har sagt at eg sluttar.

Han forklarar at kona, som er arbeidsledig, har skrapa i hop pengar og sett over til han, slik at han har nok til bussbillett til Oslo, tur vidare til Stockholm og båt over til Tallinn.

– Bilen, då?

– Den får stå. Det er ikkje mitt ansvar. Får eg ikkje løn, så er det slutt.

Nektar for å ha tvinga sjåføren til å køyre

Telefonen ringjer igjen, som han har gjort jamt og trutt siste døgnet. Sjefen har ombestemt seg og fått tak i ein verkstad i Førde som fikse trekkvogna såpass at «Igor» lovleg kan vere på vegen.

– Klarar dei å fikse speglar og lys, så køyrer eg bilen heimover. Då kjem eg meg heim utan å bruke eigne pengar, seier «Igor».

For Hetle i Vegvesenet er historia til «Igor» ei av mange.

Vogntog med papp

FULLASTA: Vogntoget er fullasta med 27 tonn returpapp. I løpet av fredag ettermiddag vart lasta flytta over på eit nytt vogntog som skal ta lasta med til Trondheim.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dessverre er det ikkje heilt uvanleg at slikt skjer. Sjåføren sit i ein vanskeleg situasjon og skal vege trafikktryggleik og sitt ansvar opp mot pålegg frå sjefen om å køyre noko til heimlandet som ikkje er i forsvarleg stand. Det er ikkje lett, seier Hetle.

Sjefen i selskapet som «Igor» køyrer for, hevdar bestemt at han ikkje har kravd at sjåføren skal køyre bilen til Estland for reparasjon. Han meiner han heller ikkje har sagt noko om at han ikkje vil betale ut løn til sjåføren. Seint fredag ettermiddag opplyser han til NRK at køyretøyet er forsikra, og at skadane vil bli utbetra slik at trekkvogna kan køyrast heim til Estland.