NRK Meny
Normal

Problem for ferjesimulatoren

Den planlagde ferjesimulatoren i Måløy har møtt uventa problem. Årsaka er at Høgskulen i Ålesund tilbyr Fjord1 lågare pris for å bruke deira.

Fjord1 har henta inn tilbod om å bruke ferjesimulatoren ved Høgskulen i Ålesund. Samstundes har fylkesutvalet vedteke å bruke 11 millionar kroner i Måløy på ein ny ferjesimulatorder

- Dette kan undergrave utdanninga av ferjemannskap i Måløy, seier fylkesutvalsmedlem, Harald Lindvik.

- Visst Fjord1 vel å bruke tilbodet i Ålesund er det ikkje behov for ein simulator i Måløy, meiner Lindvik. 

Tilbodet frå Høgskulen i Ålesund kjem uventa på fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane.

Det er nemleg berre ein månad sidan fylkesutvalet vedtok å løyve pengar til eit nytt simulatorbygg ved Måløy vidaregåande skule.

Dette skjedde etter at fylkesrådmannen hadde tilrådd å seie nei til investeringa på grunn av  uvisse kring intektene av simulatoren.

Høgskulen i Ålesund tilbyr no både Fjord1 Fylkesbaatane og Fjord1 MRF eit fullstendig og mykje billegare opplæringstilbod.

Konsernsjef i Fjord1, Olav Smørdal, seier han no vil ha alle opplysningar på bordet: Fjord1 om ferjesimulatoren

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen