Hopp til innhold

Politiet fekk hendene fulle etter privatfest

Politiet har natt til onsdag hatt sitt fulle hyre med å handtere ein privatfest som kom ut av kontroll i Naustdal.

Naustdal sentrum sett frå andre sida av fjorden

ARKIVFOTO: Ein privatfest i Naustdal kom ut av kontroll.

Foto: Alf Vidar Snæland

Den første meldinga kom like før klokka 01 då det tikka inn melding om slåsting og personskade på ei privatadresse der fleire ungdomar var samla i Naustdal.

Ein gut vart overlevert foreldre, som tok han med til lege for kontroll. Ein annan, som er i slutten av tenåra, vart sendt til sjukehus for undersøking.

– Vi har fått opplyst ulike versjonar av kvifor slåstinga starta, så omstenda er førebels uklare. Det var topplyst at personar som ikkje var invitert var komne til huset, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Prøvde å ta seg inn

I samband med hendinga har politiet vore i kontakt med fleire foreldre. Festen vart avslutta etter det første politibesøket, men like over klokka 02 måtte dei på nytt rykkje ut til bustadhuset.

Då gjekk meldinga på uvedkommande som prøvde å ta seg inn.

– Personane var vekke då politiet kom til staden. Det vart observert skadeverk på to bilar som stod i nærleiken av huset. Det var knekte vindaugsviskarar bosspann som var velta og nokre postkasser rivne ned, opplyser politiet.

Teken med til samtale

Medan ordensmakta var der, oppdaga dei to unge menn, den eine mindreårig.

Politiet fann det mistenkeleg at dei to, som begge var rusa, prøvde å stikke av frå politiet og tok dei med til lensmannskontoret i Førde for ein samtale.

– Den eine vart køyrt heim til bustad etter samtale. Også den andre vart dimittert, opplyser Holme.

Fulle mindreårige jenter

Også i Førde sentrum fekk påska ein brå og uheldig start. Like over midnatt fekk politiet melding om fleire rusa mindreårige jenter i Førde sentrum.

Den eine av desse var så overstadig rusa, at ho måtte takast hand om av ambulanse. Ho vart teken med til Førde sentralsjukehus.