Hopp til innhold

Privat sjukehus vil overta på Eid

Lovisenberg Diakonale Sjukehus i Oslo skal vere interessert i å ta over drifta av Nordfjord sjukehus.

Nordfjord Sjukehus

PRIVAT INTERESSE: Nordfjord sjukehus kan igjen vere aktuelt for private aktørar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Arbeidsgruppa for vidare drift av Nordfjord sjukehus har vore i kontakt med Lovisenberg Diakonale Sjukehus i Oslo, skriv Fjordabladet.

Spesielt interessert i ortopedien

I eit brev frå arbeidsgruppa går det fram at det private sjukehuset har uttrykt interesse for å overta drifta. Brevet er sendt til Helse Vest, Helse- og omsorgsdepartementet ved statsråden og styreleiaren i Helse Førde.

Interessa gjeld spesielt den ortopediske delen, men dei skal også vere opne for ein diskusjon om andre avdelingar.

Fram for Nordfjordrådet

Gåvebrevet frå Anna B. Singer til Sogn og Fjordane fylkeskommune er eit senralt moment i saka. Brevet inneheld ein klausul om at sjukehuset ikkje kan leggjast ned før det er undersøkt om ein annan institusjon er villig til å overta drifta.

LES OGSÅ:

Brevet vil ifølgje Fjordabladet bli lagt fram for Nordfjordrådet sitt møte i Vågsøy i dag.