Av Svein Ove Hansli og Kjell Arvid Stølen

Arkivfoto NRK
Den 14. september vart prisen sett kraftig ned på den medisinen Astrid Lykkebø frå Jølster hadde resept på. Difor betalte ho dobbelt så mykje for medisinen i august på eitt apotek som ein månad seinare på eit anna apotek i Førde. Men prisnedgangen skjedde same dagen ved begge apoteka, så det var aldri rimelegare medisin på det eine apoteket.
Prisen meir enn halvert
Ho hadde fått resept frå legen sin på medisinen og gjekk fyrste gong til apoteket i august. Då betalte ho 454 kroner og 80 øre. Ein månad etter skulle ho på nytt ha medisin, men denne gongen gjekk ho til eit anna apotek. Der kosta den same medisinen 215 kroner. Men forklaringa var altså ikkje ulik prising på dei to apoteka.