NRK Meny
Normal

Prisen på mjølkekvotar kraftig ned

Prisen på mjølkekvotar i Sogn og Fjordane har gått kraftig ned dei siste månadane.

Arkivfoto
Foto: NRK

Frå å koste over sju kroner literen, nærmar prisen seg no fem kroner.

Årsaka er at mange bønder gir seg, samstundes som færre bønder vil satse, seier fylkesleiar i bondelaget, Bjarte Nordanger. Han gir jordbruksavtalen skulda.

Bjarte Nordanger.
Foto: NRK

- Reknestykket blir annleis

Nordanger seier at det kan tenkjast at manglande vilje til å investere i mjølkekvotar botnar i at investeringstøtta til å bygge driftsbygningar vart kraftig redusert i jordbruksoppgjeret i år. Då vart det nemleg sett eit tak på kor mykje støtte ein kunne få til bygging av fjøs.

- Reknestykket blir litt annleis, bøndene må tenkje annleis, det er ikkje like gunstig å kjøpe kvotar, dei får ikkje reknestykket til å gå opp med den høge prisen, fordi dei får mindre tilskot til bygging og dermed har dei mindre pengar til kvotekjøp.I tillegg er det kanskje fleire som vil selje, for bøndene veit at til neste år blir ein større del av kvoten seld til Staten, og då til ein bestemt pris.

Håpar på unntak

Nordanger håpar at det kan bli gjort eit unntak for Sogn og Fjordane sin del til neste år, dei tre nordlegaste fylka har alt fått det. Ut over det vel han å sjå positivt på at det trass alt er blitt billegare å kjøpe kvotar for dei som ynskjer å gjere det.

- Nærmar seg siste frist

Distriktsjef Jo Helge Sunde i Tine Vest  trur årsaka til prisnedgangen er at det nærmar seg siste frist for å selje kvotar.

- Dei som vil selje kvotar må sende inn søknad før 1. august. Det er nok ein del som har bestemt seg siste månaden, og dermed blir det ein del kvotar som blir lyste ut.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.