Hopp til innhold

Prisdryss til Ronny frå Førde

Ronny Brede Aase frå Førde vart fredag kveld kåra til «Årets radionamn» 2011 saman med Live Nelvik.

Live Nelvik og Ronny Brede Aase Radiodager 2011

Live og Ronny får utdelt pris som årets programleiarar 2011.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Saman med programleiar Live Nelvik i P3-morgon vart Ronny Brede Aase frå Førde kåra til både «Årets radionamn» og «Årets programleiarteam» .

– Dette var good times

Store deler av radiobransjen var på plass, og prisar vart delt ut til mellom anna beste reportasje, program og talent.

–Dette var gøy, good times og stort. No skal det feirast, sa Ronny Brede Aase rett etter å ha fått prisane på radiodager i Oslo.

Ronny og Live vann begge prisane dei var nominert for, og takka særskilt redaksjonen sin etter å ha blitt kåra til «Årets radionamn.»

Artikkelen held fram under biletet.

Ronny og Live får pris 2011

Ronny og Live får utdelt pris som årets radionamn 2011.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Starta i NRK Sogn og Fjordane

Ronny Brede Aase starta sin karriere i NRK Sogn og Fjordane, men har dei siste åra jobba i NRK P3 som programleiar og morgonvert. Han har fått fleire prisar tidlegare.

Sterk konkurranse

«Årets Radionamn» er stemt fram av lyttarar. Live og Ronny fekk over 40 prosent av røystene i konkurranse med Viggo Valle i NRKP1, Morgenklubben med Loven og Co på Radio Norge og P4 Misjonen med Atle Antonsen og Johan Golden.

Sjå Ronny og Live takke etter å ha blitt Årets Radionamn:

Video Ronny og Live takkar for årets radionamn

Ronny og Live takkar for årets radionamn