Hopp til innhold

Prisdryss over sunnfjordingar

P3Morgen med Ronny Brede Aase frå Førde, vart for fjerde året på rad kåra til årets radionamn under Prix Radio i Oslo. I tillegg fekk gjengen, som gir seg i desember, pris som «Årets morgenflate». Arianrhod Engebø frå Førde vart i tillegg kåra til Årets unge radioprofil. Også ho er programleiar i P3.

Silje Nordnes, Markus Neby og Ronny Brede Aase
Foto: Kim Erlandsen / NRK