NRK Meny
Normal

Prisane i Sogndal nær Bergens-nivå

Snittprisane på bustadar i fylket har aldri vore høgare enn i fjor. Den høgste kvadratmeterprisen må kjøparar i Sogndal ut med.

Sogndal sentrum

SKYT FART: Det blir vanskelegare for nyetablerte å komme seg inn på bustadmarknaden i Sogndal når prisane stig.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Det var tre prosent prisvekst i fylket i fjor, landssnittet var 5 prosent. Om lag 750 bustadar var selde via FINN, men det samla talet er truleg nærmare 1400.

Den høgste kvadratmeterprisen finn vi i Sogndal.

– Det er eit teikn på at folk vil bu her, men det gjer det vanskeleg, særleg for nyetablerte å kome seg inn på bustadmarknaden, seier eigedomsmeklarfullmektig Helle Selseng i Eiendomsmegler Vest i Sogndal.

Helle Selseng

SEL DEI DYRASTE BUSTADANE: Helle Selseng i Eigendomsmegler Vest i Sogndal kan skilte med den høgste kvadratmeterprisen i fylket.

Der må du må bu deg på 30.000 kroner per kvadratmeter. Det doble av snittprisen i Nordfjord. På leilegheiter er prisen per rutemeter komen opp i 40 000 kroner.

– Der er kvadratmeterprisen om lag som den er i Bergen, seier Selseng.

Overraska over prisnivået

Silje Skuset er ein av fjorårets tilflyttarar til Sogndal. Det var jobb og friluftsliv som trakk. Som busett i Oslo vart ho overraska over prisnivået i vest.

– Eg hadde forventa at prisnivået skulle vere litt lågare, sidan ein tenkjer at ting er billegare på bygda, men eg såg jo fort at det var ganske høge prisar her også, seier Skuset.

Silje Skuset

TILFLYTTAR: Silje Skuset enda i heftig bodrunde då ho skulle sikre seg leilegheit i sentrum av Sogndal.

Men leilegheit måtte Skuset ha, og med mange om beinet vart det bodrunde. Kjøpet enda ein god del over takst.

– Vi var vel fire stykk som var med i bodrunden og det var sikkert fleire som var ganske interessert i den, så det gjekk litt heftig for seg, men det gjekk bra til slutt, seier Skuset.

Trass i kjøp over takst, så vart du fornøgd?

– Ja, veldig fornøgd. Det var veldig godt å kome seg ut av storbyen, seier tilflyttaren.

Pressar opp prisane rundt sentrum

Presset og etterspurnaden etter husvære i Sogndal dreg no opp prisane også i omkringliggande område.

– På stadar som ligg ei til to mil utanfor Sogndal, som Kaupanger, Hafslo og til dels også Leikanger, har det blitt gode prisar etter kvart. Særleg Kaupanger har forandra seg stort siste året, seier Selseng.

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane selde om lag halvparten av bustadane som vart selde i fylket i fjor. Dagleg leiar Pål Anders Kårstad peikar på nær 4000 studentar og eit eldorado for ski og friluftsinteresserte som forklaring prisane i Sogndal.

Pål Anders Kårstad

SEL FLEST BUSTADER: Dagleg leiar Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane selde 425 bustader via FINN.no i fjor, ein auke på 50 frå 2014.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– I tillegg er det ein del som kjøper leilegheit for å leige ut til studentar, og så alle andre som skal bu i Sogndal. Summen av at det er mange som kan tenkje seg å kjøpe gjer at prisane stiger, seier Kårstad.

Overraska over Florø

Eigedomsmeklarane NRK har vore i kontakt med skildrar 2015 som eit jamt og godt år. Ifølgje Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane var snittprisen på alle typar bustader i fylket 22.000 kroner.

I Førde må du i snitt ut med 27.000 kroner per kvadratmeter, i Flora 22.000, Sogndal 30.000, medan ein rutemeter i Nordfjord kostar deg i snitt 15.000 kroner.

– Det var éi overrasking i 2015. I starten av året var det ein del uvisse i Florø med omsyn til arbeidsplassar og oljebasen, men Florø er den avdelinga og det området vi har hatt størst vekst, og eigentleg hatt eit veldig godt sal i 2015, seier Kårstad.

– Folk må ha ein plass å bu, uavhengig av oljeprisar, og det viser at det er god aktivitet på også mange andre område i Florø.

Heller ikkje meklar Magnar Nilsen i Garanti Vest har merka endringar i marknaden i kystbyen.

– Vi synest at 2015 har vore som tidlegare år, alle bustader er blitt selde og det har vore business as usual.

Trur på framleis vekst

Dei fem fylka Hedmark, Oppland, Aust-Agder, Telemark og Nord-Trøndelag har alle lågare snittprisar enn Sogn og Fjordane.

Trass framleis uro i oljenæringa trur Kårstad på ein stabil marknad også i år.

– Vår spådom for 2016 er ein stabil og god bustadmarknad i Sogn og Fjordane, med ein liten vekst faktisk. Prisutviklinga generelt her i fylket er meir jamn og stabil enn alle byane, og for så vidt heile landet, seier Kårstad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.