NRK Meny

Pris til Svori

På Vestlandskappleiken i helga fekk 18 år gamle Kine Svori frå Jostedalen Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele. Svori, som både spelar og syng, tek med seg ein pris på 10.000 kroner tilbake til Vinstra Vidaregåande Skule, der ho går på den einaste vidaregåande skulen i landet med folkemusikklinje.