Sidan debuten i 1977 har Norvald Tveit vore ein sentral norsk dramatikar, og har hatt heile ti urpremierar på alt frå Oslo Nye, Centralteatret og Det norske teatret, til Den Nationale Scene i Bergen og Sogn og Fjordane Teater.
I desse dagar går stykket "Ungkarsfesten" med mellom anna Jon Eikemo og Nils Sletta på Det norske teatret, eit stykke Sogn og Fjordane teater synte for nokre år sidan.
Under jomfruturen til kulturbåten "Innvik" var det Tveit sitt stykke "Splint" som var oppført.
Norvald Tveit er også forfattar, og har gjeve ut ei rekkje bøker sidan han debuterte med "En sjel og en skjorte" i 1960. No er han aktuell med boka "Ein vestnorsk stat".
Populær forfattar
I grunngjevinga for at Norvald Tveit får ærefulle utmerkinga som Hovudutval for kultur deler ut, står det:
"Oppsetjingane av Tveit sine stykke har hatt uvanleg høge tilskodartal, og han har hausta mange gode kritikkar. Få andre dramatikarar i Noreg har fått oppført så mange stykke. Gjennom si framstillinga av miljø, personar og replikkar får han fram det vestlandske folkelynnet på ein framifrå måte"