Fotograf Arne Stubbhaug i Firda fekk journalistlaget sin fotopris for 2002.
Pris til Ottar Starheim og Arild Nybø Foto: Steinar Lote © NRK
Juryen har grunngjeve tildelinga av presseprisen til Ottar Starheim og Arild Nybø slik:
"Desse to har stått i bresjen for ei av storsatsingane til NRK Sogn og Fjordane, og det har dei gjort på ein glimrande måte. Ottar Starheim er ei uvurderleg kjelde til historiske fakta, og denne gongen har han saumfart kommune for kommune og sanka inn informasjon. Arild Nybø er den som har gjort materialet tilgjengeleg for folk flest, og dei som går inn på fylkesleksikonet sine nettsider, finn ikkje berre enorme mengder informasjon, men informasjon presentert på ein slik måte at den pirrar nysgjerrigheita. Bilde, tekst og lyd er sett i hop på ein spennande måte som gjer at ein får lyst å lese vidare."
"Fylkesleksikonet er blitt ei svært viktig informasjonskjelde for både skuleklassar og engasjerte husmødre, og dei som står bak fortener absolutt ei utmerking."
Og produktet som gav dei sigeren, finn du her: Fylkesleksikon.