Hopp til innhold

Prioriterer nybygg

Styret i Helse Førde vil prioritere nybygg for psykiatrien med investeringar på 100 millionar kroner årleg frå 2017 til 2019.

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

NYBYGG FOR PSYKIATIREN: Styreleiar i Helse Førde Jorunn Ringstad og adm. dir Jon Bolstad.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Vi har jo heile tida sagt at det som skal vere prioritert, og det har styret gitt uttrykk for i dag og. Det seier styreleiar i Jorunn Ringstad i Helse Førde.

Kva tidsperspektiv det er snakk om før eit nytt psykiatribygg kan stå klart, vil ikkje styreleiaren vere konkret på i dag.

Ringstad er likevel klar på at eit nybygg for mellom anna legevakt for Ytre Sogn og Sunnfjord til 244 millionar ikkje skal setje kjeppar i hjula for psykiatrien denne gongen.

Jorunn Ringstad

INGEN FORSEINKING: Styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Slik det ser ut så skal ikkje det vere noko utskyving i tid, fordi før vi kunne begynne med psykiatribygga så måtte vi ha eit avlastingsbygg for å kome i gang.

Dette bygget blir no flytta til ein litt annan stad, og det får eit litt anna innhald, men det er framleis eit avlastingsbygg som uansett måtte byggast.

– Slik at forskyving av psykiatribygga det skal ikkje skje.