NRK Meny
Normal

Prestisjeoppdrag til forskingsmiljø

Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått i oppgåve å samle erfaringane med fylkesregjering i fire fylke og by-regjering i to byar her i landet.

Oppdragsgjevar er Kommunenes sentralforbund (KS). Professor Oddbjørn Bukve ved Høgskulen seier dette er eit prestisjeoppdrag for forskingsmiljøet i fylket fordi dei har fått oppdraget i konkurranse med tunge forskingsmiljø andre stader i landet.

Oppdraget skal vere ferdig 1. april neste år.

 

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå