NRK Meny
Normal

Presten har portrettert soknebarn i alle aldrar

Presten har fått både kritikk av kyrkja og gudstenesta i boka. Sjølv er han fornøgd med resultatet.

Få prestar har brukt så mykje tid på å bli kjend med soknebarna som han du får møta no. Sokneprest Egon Askvik i Leikanger har fotografert og intervjua 100 kyrkjefolk - i alderen 1 til 100 år.

BOKFORM: Presten har samla rundt 100 soknebarn sine ærlege og direkte tankar om tru i boka "Kyrkjefolk".

– Det følast veldig godt og eg er veldig spent på korleis mottakinga blir, seier prest i Leikanger, Egon Askvik.

Han har vore prest i Leikanger i 7 år. Denne veka var det lansering for boka "Kyrkjefolk". Her er rundt 100 soknebarn i alderen 0 – 100 år portrettert. Einaste krav var at dei er døypte og medlemmar av statskyrkja. Fleire har kome med kritikk både av kyrkja, gudstenestene og synet kyrkja har i samfunnet.

Egon Askvik

EINIG I KRITIKK: Egon Askvik er prest i Leikanger.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg hadde lyst til at dei såkalla vanlege folka, folk flest, skulle få seie sitt om kyrkja, kva dei tenkjer om sitt medlemskap og kva dei trur om gud. Og eg ville rett og slett å leite etter folk i alle alderstrinn som skulle få seie sitt.

– Korleis er det å forklare seg for presten om sitt eige forhold til tru og livssyn?

– Eg opplevde folk som veldig opne og stor grad av tillit. Dei som les boka vil sjå at den er ganske direkte, folk har ikkje lagt mykje mellom av ris og ros, eller godord eller ganske sterk kritikk av den kyrkja dei er medlem av. Boka er usminka, eg har ikkje pynta på kritikken dei har komme med.

Han seier kritikken går mykje på preikeforma i kyrkja, og korleis kyrkja står fram.

– Eg synest det er sunt at vi får slike stemmer. Eg er jo einig i mykje av kritikken og eg synest det er flott at det blir sagt, seier Askvik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser