Hopp til innhold

Presten forventar stinn brakke på alle dei tre julegudstenestene

I Leikanger lokkar kyrkja i år med dramatisering av juleevangeliet på julaftan. Det har slege godt an.

Julespel i Leikanger

FULL KYRKJE: Egon Askvik, prest i Leikanger gler seg over den gode mottakinga til dramatiseringa av juleevangeliet som kyrkja set opp på julaftan.

Foto: Ottar Starheim/privat / Montasje

«I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.»

Slik startar juleevangeliet som kvart år blir lese i kyrkjer rundt om i landet. Men i Leikanger har dei teke det eitt steg lengre. Berre generalprøvene står att. Når prest Egon Askvik i morgon opnar dørene til dramatiseringa av juleevangeliet, forventar han fullt trykk.

– Eg tykkjer det er berre kjekt med full kyrkje, eg skulle gjerne hatt det kvar søndag, seier han.

Vil gje alle ei god oppleving

Askvik fortel at det er eit spesielt syn som vil møte kyrkjegangarane.

– Kvirinius, landshøvdingen, og sjølvaste keisar Augustus vil stå der når publikum kjem ved inngangen og deretter får dei følgja heile juleevangeliet dramatisert. Og så skal dei sjølvsagt få lov til å synga julesongane, seier han.

Medan kyrkjene elles i året slit med å fylle benkeradene, er problemstillinga snudd på hovudet akkurat denne dagen. Det har leikangerpresten tenkt å utnytte.

– Dette her er ein kveld då mange vil til kyrkja. Når dei først er der, har me lyst til at dei skal få ein god og fin oppleving, seier han.

I tillegg til dei 600–700 som er venta til framsyningane, er det over 70 personar er involvert i sjølve produksjonen.

Set av julaftan til ærefullt oppdrag

Engevik trur juleevangeliet har ei spesiell tiltrekkingskraft, som aldri vil gå av moten.

– Det er ei forteljing me aldri blir ferdig med. For meg er sjølvsagt innhaldet viktig, men sjølve forteljinga òg er fengslande. Det er kanskje dette at me kan identifisere oss med ho som føder under desse dramatiske omstenda og sjølvsagt songen på Betlehemsmarkene som har hatt gjenklang i fleire tusen år. Det er noko med heilskapen som grip oss, trur eg, seier han.

Sara Felde Liljedal (13) skal vere med på julespelet som engel. Ho er med fordi ho likar seg så godt i kyrkja.

– Det er veldig koseleg og stille der, seier ho.

Ho har ingen kvalar med å sette av sjølvaste julaftan til eit så ansvarsfullt oppdrag.

– Då har eg noko å gjere før eg skal opne pakkar, seier ho.

Rusten keisar tek utfordringa

Kolbjørn Nord har takka ja til å vere med som både gjetar og keisar Augustus i stykket. Til vanleg er han med i mannskoret, dette blir ei ny og spanande utfordring, trur han.

– Eg spelte keisar Augustus for 55 år sidan på folkehøgskulen og det einaste eg hugsar var at det var vanskeleg å få fat i hjelm, for eg tenkte at ein keisar han måtte no ha ein hjelm. Så eg tok ei blankpussa blomsterpotte med kjettingar på, som ho mor hadde. Det var liksom hjelmen som eg brukte, seier han.

Prest Egon Askvik gler seg over den sterke posisjonen kyrkja har fått på julaftan. På førehand har dei delt ut gratisbillettar, for at folk skal sikre seg plass, rundt 220 på kvar gudsteneste.

– Til neste år vurderer vi å gjere litt meir ut av billettsleppet, slik at folk får legge seg i kø i soveposar og forskjellig for å sikre seg denne billetten, seier presten muntert.