Hopp til innhold

Prestebustaden utleigd i det stille

Ikkje nok med at stillinga som sokneprest i Vik ikkje blir lyst ut. No viser det seg at prestebustaden på Vikøyri skal leigast ut - utan at kommunen er informert.

Prestebustad-annonse

I EI LITA ANNONSE: Her blir prestebustaden i Vik lyst ut til leige.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var heilt tilfeldig at ordførar Marta Finden Halset fann det ut.

– Eg såg ein liten annonse i Sogn Avis om at det var ein stor einebustad til leige i Vik. Eg vart nysgjerrig og ville finne ut kva dette var.

Ho ringde nummeret som var oppgjeve i annonsen og kom då til Opplysningsvesenets fond . Der fekk ho vite at det var prestebustaden som skulle leigast ut i eitt år framover.

(Artikkelen held fram under biletet).

Marta Finden Halset opnar Gamalostfestivalen 2011

BEKYMRA ORDFØRAR: Marta Finden Halset.

Foto: Odd Inge Gjeraker

– Kunne godt teke ein telefon

– Opplysningsvesenets fond har ikkje plikt til å informere kommunen, men eg synest godt dei kunne ha teke ein telefon for å fortelje oss om det. For sjølv om vi snakkar om to ulike institusjonar så er det ikkje vanskeleg å sjå samanhengen.

I går vart det kjent at Bjørgvin bispedømme ikkje vil lyse ut stillinga som fast sokneprest i Vik når Ragnhild Fasseland no sluttar i stillinga. Dermed blir kyrkjene i Vik utan fast prest ei god stund framover, og folk i Vik må greie seg med vikarprestar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Vik kyrkje

UTAN FAST PREST: Vik kyrkje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Instruks frå Bjørgvin

Det er Opplysningsvesenets fond som eig prestebustadene i landet, medan bispedømma administrerer kyrkjelydane og er arbeidsgjevar for prestane.

Hildur Kuld er prestegardsinspektør for Vestlandet, og ho seier at Opplysningsvesenets fond fylgjer instruks frå Bjørgvin bispedømme.

– Vi fekk beskjed om at stillinga som fast sokneprest ikkje blir lyst ut med det første. Og det kostar å la eit hus stå utan leigeinntekter i eitt år, for vi må halde temperaturen i huset på 20 grader.

– Gir eit signal

Ordførar Marta Finden Halset meiner at når prestebustaden no blir leigd ut for eitt år framover så gir det eit uheldig signal.

– Sjølv om dette er to ulike saker så greier eg som ordførar å dra samanhengen her. Når prestebustaden skal leigast ut for eitt år, så gir det meg eit signal om at vi heller ikkje får att fast sokneprest det komande året. Det bekymrar meg som ordførar i Vik.

– Kva vil du gjere med det?

– Eg vil prøve å fylgje saka vidare. Eg vil ta kontakt med Bjørgvin bispedømme og få ei forklaring på at dei ikkje lyser ut prestestillinga.

Men Hildur Kuld i Opplysningsvesenets fond meiner at nettopp det at huset blir leigd ut burde roe ordføraren.

– Dersom vi hadde fått signal om å selje prestebustaden så hadde det verkeleg vore grunn til uro, og det har aldri vore nemnt. Eg reknar med at Bjørgvin bispedømme no vil ta ein tenkepause og legge ein kabal for kor mange prestestillingar dei skal ha og kvar dei skal vere plasserte.

I tillegg til Vik skal Opplysningsvesenets fond leige ut prestebustadene i Årdal og i Breim.