Hopp til innhold

Presteannonse vekker reaksjonar: – Eg blir trist

Prestane i fylket er usamde om annonsen til soknepreststillinga i Nordfjord er diskriminerande.

Helene Langeland

REAGERER: Prest i Lærdal, Helene Langeland, tykkjer det er trist at ho kan bli diskriminert på grunn av sin sambuarstatus.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Prost Kjetil Netland

EINIG: Prost i Sogn, Kjetil Netland, stiller seg bak biskopen i Bjørgvin.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fleire reagerte då NRK fortalde om formuleringa i Bjørgvin bispedøme si stillingsannonse til soknepreststillinga i Nordfjord.

Setninga «opplysningar om samlivsform vil kunna verte innhenta og vektlagde ved tilsetting» blei tolka som diskriminerande mot homofile og dei prestane som ikkje er gift. Biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug, meinte derimot at dei har lov til å formulere seg slik i annonsen.

Prost i Sogn, Kjetil Netland, stiller seg bak biskopen.

– Eg kan forstå at det blir oppfatta slik, men den er ikkje meint slik. Vi er ei kyrkje – eit trussamfunn – og ikkje ein offentleg etat som andre etatar. Me står for noko og vil formidle det. Då må vi kunne spørje om det, sånn at det blir klargjort for arbeidsgjevar.

– Eg tykkjer det er trist

Prest i Lærdal, Helene Langeland, er sjølv skilt og har no ein ny sambuar. Ho trur ikkje det er vits for ho å søkje ny jobb i Bjørgvin bispedøme slik stillingsannonsane er formulert no.

Ho meiner ein burde legge større vekt på det faglege, framfor det personlege.

– Eg meiner at det er utdanninga mi som skal kvalifisere meg, om eg blir sett på som ein dyktig prest eller ikkje. Då skulle det at eg er sambuar ikkje vere noko negativt. Eg tykkjer det er trist at bispedøme vil sjå på det som negativt, fortel ho.

Søknad til prestestilling

ANNONSEN: Stillingsannonsen til Bjørgvin bispedøme var tydeleg i sine kriteria.

Foto: Illustrasjon

– Meir enn tal og karakterar

Langeland får derimot ikkje mykje støtte frå sine kollegaer.

Sokneprest i Luster, Geir Paulsen, meiner det ikkje er ein prest sin CV som skal vege tyngst.

– Ein prest blir ikkje berre tilsett basert på utdanning, praksis, tal og karakterar. Om ein er personleg egna er ein særdeles viktig faktor i tilsettinga av ein prest, seier han.

Langeland meiner ein mister mykje verdifull kompetanse når annonseteksten er formulert slik den er i dag.

– Eg veit om mange prestar som kunne vurdert å søkje på Vestlandet, men veit at det tradisjonelt er ein så konservativ plass, at det ikkje er aktuelt for dei å vurdere, fortel ho.