Sokneprest Odd Stubbhaug trur dette vil føre til ei friare kyrkje.
- Eg har lenge tenkt og meint at det ville vere naturleg med eit skilje, og at kyrkja burde få full fridom, seier han.
Dersom fleirtalet i kyrkjeutvalet får det som dei vil, kan statskyrkja bli fjerna. Utvalet meiner kyrkja bør få meir sjølvstyre og skaffe meir av innteknene sjølve. Regjeringspartia er ueinge om statskyrja si framtid, og ventar no på konklusjonen frå utvalet. Fleire fryktar ei mindre open kyrkje dersom ho vert skilt frå staten. Men det gjer ikkje Stubbhaug.
- Eg trur ikkje dette vil endre på det. Vi må klare å kommunisere med folk uansett.
Prost i Ytre Sogn Geir Sørbø er i utgangspunktet positiv til å fjerne statskyrkja, men han ser samstundes at den opne folkekyrkja kan stå i fare dersom kyrkja vert skilt frå staten.
- Eg er ikkje for eit skilje utan at det er gjennomtenkt. Mange vil vere opptekne av at vi framleis skal ha ei opa folkekyrkje i landet vårt, seier han.