- Vi har måtte trekkje kjøkkenbordet lenger ut på golvet fordi det er altfor kaldt å sitje ved vindauget, seier sokneprest Frode Skeide i Gaular.
- LES OGSÅ;
Prestegardane er så dårleg isolerte at familiane som bur der slit med å halde varmen i sprengkulda.
Buplikta øydelegg
Men det er buplikt på prestegardane i Norge. At mange av husa er over hundre år gamle og ikkje held same standard som andre hus har ikkje noko å seie.
- Eg har tenkt mange gonger at dei som har vedteke regelverket om at vi må bu i desse husa skulle få kome på frukost hjå oss. Då skulle dei fått kjenne kor kaldt det verkeleg er, seier Skeide.
- LES OGSÅ;
Dei fleste av oss slepp å tette sprekkar for å halde varmen i husa våre. Om det vert for ille kan vi i verste fall finne ein ny stad å bu. Men problemet er nemleg at buplikta ikkje går i hop med det manglande vedlikehaldet på prestegardane.
Har ikkje midlar
- Vi har ikkje nok til vedlikehald på husa, seier prestegardsinspektør i Bjørgvin og Stavanger Bispedøme Hildur A. Kuld.
Ho vedgår at det er vanskeleg for mange av familiane som bur i prestegardane å klare å få opp varmen.
- Det manglar rett og slett isolasjon i dei gamle husa.
Isolerer med sovepose
På kjøkkenet i Gaular har sokepresten brukt kreativiteten for å halde kulden ute.
- Eg har putte ein sovepose inn i ein krok på kjøkkenet saman med isoporplater for å halde kulden ute, fortel Skeide.
- LES OGSÅ;
Han er lei av å fryse på beina, og pakke seg inn i ullklede når han er heime.
- Vedlikehaldet på prestegardane må bli prioritert, seier han.