Sokneprest Olaf Sigurd Gundersen. Foto: NRK
Den nye reforma vil føre til at prestane får heile prostiet som arbeidsområde, noko som vil svekke presten sin nærleik til kyrkjelyden, seier Gundersen til Firda Tidend.
Gundersen seier dette er den største reforma innan kyrkjeadministrasjon sidan reformasjonen. Han og fleire med han reagerer på at dette blir gjennomført utan ein demokratisk prosess.
Reforma er no ute til høyring, og dei ulike sokna skal no seie si meining. I Hyen har dei alt sagt nei.