– Eg vil ha konkrete svar på kvar til dømes helse skal liggja i den nye storkommunen.
Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal sendte ei klar oppmoding til storebror Sogndal under kommunesamanslåingsforhandlingane i nye Blix hotell i Vik fredag. Der forhandla Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Årdal og Lærdal om fordelinga av dei 2562 kommunale arbeidsplassane som dei seks kommunane har til saman.
Sogndal sitt nei til å flytta legevakt og døgntilbod for augneblikkeleg hjelp og andre overvakingssenger til Sogn lokalmedisinske senter (LMS) i Lærdal – og heller byggja eit eige helsehus i Sogndal – har gjort utgangspunktet for forhandlingane krevjande.
– Eg forventar at me får eitt LMS i ein ny storkommune, og i det ligg det at Sogndal skal flytta døgntilbodet for augneblikkeleg hjelp og andre overvakingssenger til Lærdal, seier Solheim.
- Les òg:
- Les òg:
– Støttar allereie Lærdal
Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal meiner dei støttar opp under LMS:
– Me er ein av dei største brukarane av LMS, til dømes gjennom legevakttelefonen.
Aarvoll er open for å leggja fleire helseoppgåver til Lærdal, som helseleiing, oppfølging av ressurskrevjande brukarar, kreftkoordinator og folkehelsearbeid, men sogndalsordføraren vil i utgangspunktet ikkje flytta sine to senger knytt til augneblikkeleg hjelp og overvaking frå Sogndal til Lærdal.
– Er det den halve arbeidsplassen knytt til desse to sengene dette skal stå på, spør Aarvoll retorisk.
- Les òg:
- Les òg:
Kommunesenter i Leikanger?
Sogndal blei òg pressa av Leikanger på kvar kommunesenteret i ein ny storkommune skal liggja.
– Leikanger har store fortrinn i nærleiken til fylkeskommunen, Fylkesmannen og dei nasjonale einingane for skatt og Nav. Fellesoppgåver innan administrasjon, IKT, plan og samfunn er heilt naturleg at blir lagde til Leikanger, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger.
Odd meiner rådmannen og ordføraren bør sitja på Leikanger:
– Sjølvsagt. Me har eit tinghus med 166 tomme kontor. I staden for å byggja nytt i Sogndal, er det openbert at Leikanger bør vurderast, seier Odd.
Sentralisering
Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand tok til motmæle mot Leikanger og åtvara mot å byggja ned Sogndal som regionsenter.
Aarvoll var glad for stønaden frå Offerdal:
– Det er viktig å støtta opp under utviklingskrafta i regionsenteret ved at stabsfunksjonane blir lagde hit, sa Aarvoll.
Arnstein Menes, gruppeleiar i Balestrand Senterparti, var usamd. Han meiner kommunalsjefane i ein ny kommune må spreiast over heile kommunen, for at avstanden mellom kommuneleiinga og innbyggjarane og tenestene ute i kommunen ikkje skal bli for stor.
– Kommunereforma er i seg sjølv sentraliserande. Skal alle stabsfunksjonane samlast på ein plass, får me ei ytterlegare sentralisering, åtvarar Menes.