Hopp til innhold

Presset mot Nordfjord aukar

Sogn og Sunnfjord pressar stadig meir på for at også Nordfjord skal ta kutt i dei vidaregåande skulane.

Frå venstre Harald Offerdal, Jon Normann Melheim, Erling Stadheim ogTorunn Gauteplass Hønsi

LEGG PRESS PÅ NORDFJORD: Sogningane krev at Nordfjord også vil ofre noko. Frå venstre Harald Offerdal, Jon Normann Melheim, Erling Stadheim og Torunn Gauteplass Hønsi.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre har etter sine skulemøte i går ei klar melding til Nordfjord – også dei må ta kutt.

Arbeidarpartipolitikarane frå Sogn og Sunnfjord kjem ikkje til å akseptere at Nordfjordskulane blir skåna.

– Eg håpar Nordfjord no set seg ned og gjer den same jobben som vi har gjort i Indre Sogn og Midtre, sa Torunn Hønsi frå Luster på talarstolen.

– Kva kan vi ofre

Kva vidaregåande skular skal Sogn og Fjordane ha i framtida? Det er spørsmålet som politikarane i fylket no må finne svar på. Med mindre pengar og færre elevar i åra som kjem må det gjerast grep.

Fylkesrådmannen har allereie føreslått å leggje ned skulane i Stryn, Høyanger og Luster, i tillegg til Mo og Jølster VGS si avdeling på Vassenden. Også Hordalandsavtalen er føreslått avvikla.

Under representantskapsmøte for Arbeidarpartiet på Skei i går stilte Torunn Hønsi spørsmålet som partifellene i Sogn og Sunnfjord no meiner nordfjordingane bør stille seg.

– Kva kan vi ofre? Det er ei utfordring eg vil sende til dei, seier Hønsi.

Vil at Nordfjord føreslår kutt i eigen region

Eit samrøystes representantskap vil frede dei vidaregåande skulane i Høyanger og Stryn.

Men samstundes gjekk ei rekkje Ap-politikarar på talarstolen og oppmoda kommunane i Nordfjord om gjere det indresogningane og sunnfjordingane allereie har gjort, nemleg å føreslå skulekutt i eigen region.

I Sunnfjord har ein blitt samde om å kutte Mo og Jølster vidaregåande si avdeling på Vassenden, medan ein i Sogn vil ofre Luster vidaregåande for å halde oppe det vidaregåande tilbodet i regionen.

Meiner heile fylket må ta grep

To av dei som bad nordfjordingane gjere liknande grep var Harald Offerdal i Balestrand og Jorunn Eide Kirketeig frå Førde Ap.

– Skal vi vere solidariske må ein og i andre delar av fylket ta dei same prosessane som ein har gjort i Sogn, sa Offerdal.

– Vi synest at tilpassing av elevtal må tilpassast regionane, og det gjeld også for Nordfjord, seier Kirketeig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høgre si fylkestingsgruppe diskuterte skule

DISKUTERTE SKULE: Frå venstre Noralv Distad, Frida Melvær, Olin Johanne Henden, Ole Gunnar Krakhellen, Ingar Torsvik Myrvollen, Olve Grotle, Bjørn Hollevik og Arve Mjømen.

– Feil tilnærming

Sven Flo

FEIL TILNÆRMING: Sven Flo nektar akseptere nedlegging av den vidaregåande skulen i Stryn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Også på Senterpartiet og Høgre sine store skulemøte i går blei nordfjordingane utfordra.

Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde sa at det ville vere uakseptabelt om Nordfjord opptrer slik at andre delar av fylket blir sitjande med svarteper.

Det synspunktet hadde partifellen og ordførarkollegaen i Stryn, Sven Flo, lite forståing for.

– I Nordfjord ser ein at det er liv laga for fire skular. Skal ein likevel måtte peike på ein skule som skal leggjast ned, fordi ein vel å gjere det i Sunnfjord og Sogn? Det synest eg blir ei feil og defensiv tilnærming til dette, seier Flo.

Legg press på Nordfjord

Under ein pause diskuterte Ap-representantane frå Sogn eit framlegg som skulle leggje press på Nordfjord. Førde Ap la fram eit tilsvarande forslag, om at Sunnfjord ikkje skal råkast til fordel for Nordfjord.

Og dei fekk det langt på veg som dei ville når ordstyrar og fylkesleiar Nils P. Støyva til slutt las opp ei ombakt formulering som vart vedteke.

– Vi merkar oss signal frå kommunepartia i Indre og Midtre Sogn, og Sunnfjord/Florø, og Auf, og vil i størst mogleg grad følgje opp innspela i arbeidet fram mot vedtaket i fylkestinget.