Katrine Sele får presseprisen for artikkelen sin om Ole Johan Grønskag, ein ung dramatikar frå Kalvåg som tok sitt eige liv i mai 2004.
Vanskeleg emne
Årets prisvinnar evnar å gje innsikt i eit vanskeleg emne på ein heilt ny måte, grunngjev juryen. I år var juryen samansett av programleiar i TV2, Solveig Barstad, informasjonssjef i Helse Førde, Arild Nybø, og informasjonsleiar i Fiskebåtredernes forbund, Arill Riise.
Fotopris til May Britt Eide
Fotoprisen gjekk til May Britt Eide i Ytre Sogn Avis. Eide får prisen for biletet ”Isbadarar i Sognefjorden” som ho tok medan ho jobba i Firda. - Eg hadde flaks, meiner journalisten sjølv. Men slik er det med lokaljournalistane. Dei er over alt til alle tider, og då kjem ein ofte over motiv som ingen andre.
"Isbading i Sognefjorden" heiter vinnarbiletet til May Britt Eide
Juryen for fotoprisen bestod i år av Olav Øygard (tidl. Firda), Rune Sævig, BT og Arild Nybø (tidl. NRK), og desse var samrøystes i at årets vinnar er verdig prisen.
Prisane vart delte ut på journalistlaget si samling på Frønningen i Sogn i helga.
Sørland ny journalistleiar
Jon Sørland frå Firdaposten vart vald til ny leiar i journalistlaget, medan Marit Bendz (frilans) er ny styremedlem. Hilde Genberg, Firda, og Lars Kristian Solem, Sogn Avis, takka for seg på årsmøtet søndag. Stian Sjursen, NRK, og Geir Arne Solheim, InMedia Informasjon, held fram i styret.