Pressepris til gamal travar

Firdas mangeårige kommentarskribent Knut Magnussen frå Florø vart i dag heidra med Sogn og Fjordane journalistlag sin pressepris.

Knut Magnussen vann presseprisen

GOD PENN: Mange har kost seg med Knut Magnussen sine artiklar gjennom mange år i Firda.

Magnussen fekk prisen på grunn av sin gode skrivekunst.

Juryen skriv i si grunngjeving:

«Spalta Frispark i Firda har han halde gåande i årevis utan å trøytne eller gå tom. Det er eit kunststykke.

Han har også hatt andre spaltar med titlar som Breiflabben og Marulken, slik som seg høver seg for ein mann frå kysten, og skrive ein stor del av leiarane i Firda dei siste åra.

Tekstane hans gir gjenklang, og lesarane får ofte noko å snakke vidare om. Å ta stilling, slik han gjer i denne typen tekstar, kostar noko. Mange lokalaviser prioriterer ikkje denne typen journalistikk. Men vi meiner at slike ytringar er noko av det beste ei avis kan ha på trykk.»

Sølv til NRK-journalist

NRK-journalist Bård Siem frå Jølster, som tidlegare har fått presseprisen, fekk i år heiderleg omtale og tok andreplassen, mellom anna for sitt arbeid med bråket i Fjord1-styret og sakene om dei rusavhengige vikarlegane ved Nordfjord legevakt.

Juryen grunngir det slik:

«Bård Siem er mannen som nærast aldri slepper ballen. Når vi andre trur at saka er over, borer han djupare. Han tek saka eit steg vidare, finn fleire kjelder, stiller meir pågåande spørsmål.

Han har ein teft for å sjå når noko bør granskast nærare, og er uredd overfor maktpersonar som prøver å dra seg unna ubehagelege spørsmål. Det siste året har han følgt to store saker: bråket i Fjord1-styret og saka om dei rusavhengige vikarlegane ved Nordfjord legevakt.

I Fjord1-saka har han avdekka sterk misnøye med og påstandar om hersketeknikk frå styreleiar, og mistankar om eit oppblåst rekneskap. I vikarlege-saka har han sett søkjelys på kommunens ansvar i tilsettinga av legar, og bruken av utanlandske vikarbyrå for å skaffe nok helsepersonell til distrikta.

Journalistikken hans førte til at administrerande direktør i det danske vikarbyrået måtte forlate stillinga si. Siem vil avdekke maktmisbruk. Han let ikkje helseleiarar, tidlegare statsrådar eller fylkesordførarar sleppe unna. Det at han er så uthaldande, skaper resultat, og lokale maktpersonar veit at dei blir sett i korta. Slik oppfyller han det klassiske journalistiske samfunnsoppdraget: å vere vaktbikkja.»

Bronse til nykommar

Tidlegare praktikant på Nynorsk Avissenter, Ina Eirin Eliassen, fekk tredjeplassen i årets pressepriskåring. I kjølvatnet av trippeldrapet i Årdal, der gjerningsmannen var ein asylsøkjar frå Sudan, valde ho å vere eit døgn på asylmottaket på Vassenden i Jølster og observere livet blant flyktningane der.

Juryen skriv dette om Eliassen:

«Ho skildrar livet på mottaket med ei personleg stemme, og torer å vise at ho er usikker i møte med dei framande. Samstundes møter ho flyktningane med bakgrunnskunnskap og respekt.

Observasjonane hennar er nyanserte og forteljarstemma særeigen. Med reportasjen sin opnar ho opp ei anna verd for oss, og gir oss eit lite glimt inn i ein livssituasjon dei færraste i Noreg kjenner til. Vi har tru på denne nye journaliststemma.

På sølvplass finn vi ein som gang på gang har utmerka seg med store og krevjande gravesaker. Journalistar flest er flinke til å vere på pletten når dramatiske ting skjer. Men i fasen etterpå, når røyken har lagt seg, slepper vi oftast ballen for tidleg, før vi har avdekka ansvar og følgjene for samfunnet, og konfrontert makta».

I juryen sat Kristi Marie Skrede, Per Jon Odéen, Erik Stephansen og Katrine Sele.

Fotopris til NRK-fotograf

NRK-fotograf Johan Moen gjekk av med årets fotopris for sitt program om Skålatårnet i Glimt av Norge.

I grunngjevinga skriv juryen:

«Juryen har valt å tildele årets fotopris til eit allsidig produkt. Det er tydeleg at vinnaren beherskar mange ulike teknikkar og står for solid handverk i fotofaget.

Vinnarbidraget demonstrerer ei evne til å kombinere finstemt historie- og stemningsformidling med solid teknisk handverk. Vinnaren har både fanga stemninga og lyset ved Skålatårnet, og fortalt historia om ein tur opp til toppen av fjellet på ein nær og fin måte».

I foto-juryen sat Lasse Fløde, Olav Øygard og Ivar John Erdal.