Hopp til innhold

Pris til NRK for journalistikk på arbeidsforholda ved Nordfjord Kjøtt

Asgeir Heimdal Reksnes og NRK Sogn og Fjordane fekk i går presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag.

Asgeir Heimdal Reksnes

PRESSEPRIS: Asgeir Heimdal Reksnes (t.h.) og NRK Sogn og Fjordane fekk i går den gjævaste prisen til Sogn og Fjordane Journalistlag. Bent Are Iversen (t.v) i Firda fekk fotoprisen.

Foto: Svein Rune Kjøllesdal / Firda

I grunngjevinga seier juryen at «dette er ei av dei sjeldne journalistiske sakene som gjer at me kan snakke om pressa sitt samfunnsoppdrag. Den viser korleis det som kan stå fram som eit jag etter profitt i næringslivet kan føre til alvorlege arbeidsuhell, og den angår ei stor og vanlegvis taus gruppe; arbeidsinnvandrarane».

– Vi var aldri i tvil om pristildelinga, seier juryleiar Heidi Fagna. Ho jobbar som radiolærar ved Høgskulen i Volda og Kommunikasjonsrådgjevar ved Nynorsksenteret, og hadde også med meg Eirik Meling i Sunnmørsposten og Britt Ingunn Mauset i Storfjordnytt i juryen.

Ryddig fortalt

Fagna sa i grunngjevinga at journalisten har gjort ein svært grundig jobb med kjeldene. Han får fleire personar til å stille opp med namn og bilete medan dei kritiserer arbeidsplassen sin. Journalisten presenterer historiene enkelt og rett fram, og arbeidsgjevaren får svare på ein ryddig måte.

Journalisten og redaksjonen følgjer saka over tid, og journalistikken får konsekvensar.

Fagna seier saka skilte seg ut i mengda av saker som var nominert til prisen.

– Den skilte seg ut ja. I mengda med forarbeid og krevjande arbeid, seier ho.

Juryen har merka seg at Nordfjord Kjøtt vart granska av daglegvarekjeda den leverer til, og verksemda har sjølv bestemt at alle dei utanlandske arbeidarane skal få norskkurs.

Heiderleg omtale

Heiderleg omtale for godt journalistisk handverk i 2014 fekk Hanne Stedje og Sogn avis for sakene om kreftsjuke Janne Cirotzki.

I grunngjevinga frå juryen skriv dei at «dette er ei sterk og rørande historie. Den bidrar til den viktige debatten om korleis me vil prioritere som samfunn. Saka sette dagsorden både lokalt og nasjonalt, og den samla lokale krefter til ein solid innsats. Journalisten har openbert gjort ein god og grundig kjeldejobb. Gjennom fleire saker kjem me nært på den råka familien, og journalisten følgjer opp med mange saker med ulike vinklar og relevante kjelder. Juryen vil i tillegg trekkje fram at historiene er fortalde med eit godt språk».