Hopp til innhold

Pressekonferanse på Geilo uroar ikkje Hemsedalforkjemparen

Hemsedalsforkjemparane trur dei faglege råda vil vege tyngst når regjeringa bestemmer seg for vegtrase.

Jarle Aarvoll og Marta Finden Halset

SPENNING: Jarle Aarvoll (t.v.), her i samtale med tidlegare Vik-ordførar Marta Finden Halset (Ap), er spent før pressekonferansen på Geilo, men han er også spent på om regjeringa også har nyhende om Vikafjellsvegen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg tolkar det ikkje spesielt negativt at pressekonferansen er på Geilo.

Det seier mangeårig forkjempar for Hemsedalsfjellet som Aust-Vest-stamveg, sogndalsordførar Jarle Aarvoll (Ap).

Regjeringa presenterer klokka 13 i dag den nordlege hovudvegen mellom Bergen og Oslo.

– Ein kan ikkje sjå vekk frå Hemsedalsfjellet, som Statens vegvesen i to konseptvalutgreiingar har tilrådd som hovudveg, seier Aarvoll.

Vidda som turistveg

Sogndalsordføraren deler ikkje skepsisen til Aleksander Øren Heen (Sp) at pressekonferansen i dag er lagt til Geilo .

– Når det er Trond Helleland som kallar inn til pressekonferanse på Geilo, så blir eg litt uroa, for han har vore ein ivrig forkjempar for Hardangervidda, sa han til NRK i går.

Hardangervidda og Hemsedal på kart

ALTERNATIV: Regjeringa har to alternativ når dei skal velje den nordlege Aust-Vest-stamvegen.

Foto: NRK/Google
Oddvar Flæte

HAR TRUA: Oddvar Flæte trur Hardangervidda blir turistveg, og Hemsedalsfjellet blir stamveg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi held oss til realiteten, og Statens vegvesen har tilrådd Hemsedalsfjellet to gonger. Vi går ut ifrå at det er riksveg 7 som turistveg som blir presentert, seier sekretariatsleiar i Interesseselskapet for riksveg 52 Hemsedalsfjellet, Oddvar Flæte.

Har brei støtte

Den tanken har også Aarvoll, som meiner stamvegen er det viktigaste samferdslepolitiske tiltaket han har jobba med.

– Den nordlege traseen dekkjer Vestlandet best. Frå Florø til Oslo kortar vi reisetida med ein time, frå Ålesund til Oslo kortar vi reisetida med to timar, seier han og legg til at Hemsedalsfjellet har stor støtte frå delar av Hordaland, Rogaland, LO, NHO og lastebilnæringa.