NRK Meny
Normal

Pressekonferanse på Fosshaugane

FØLG PRESSEKONFERANSEN DIREKTE PÅ NETT-TV FRÅ KL 13.00

Sogndal Fotball har kalla inn til pressekonferanse på Fosshaugane Campus.

Eirik Bakke

HAR SIGNERT? Med sigeren over Kongsvinger måndag kveld er Brann definitivt sikra spel i eliteserien 2011. Dagen derpå har Sogndal kalla inn til pressemøte.

Foto: Tor Richardsen, Richardsen, Tor / Scanpix

Den nybakte eliteserieklubben har kalla inn til møte med media tysdag klokka 13.00. Tema for pressekonferansen er spelarstallen 2011.

Til stades på pressekonferansen vert leiar Gunnar Solbakken, Jarle Flo frå sportsleg utval og sportssjef Trond Fylling, skriv klubben i ei pressemelding.

Bakke-spekulasjonar

Det blir ikkje gitt kommentarar før pressekonferansen, men den siste tida har spekulasjonane gått om at Sogndal er i ferd med å nærme seg ein avtale med Brann-spelar Eirik Bakke, og det kan vere nærliggjande å tru at dette er eit tema for pressekonferansen.

33 år gamle Bakke som står utan kontrakt etter sesongen har ikkje lagt skjul på at han ønskjer å avslutte karrieren i moderklubben. Sogndal sin daglege leiar, Egil B. Mundal har også stadfesta tingingane og fredag meinte Bergens Tidende å vite at ein avtale var i boks.

Artikkelen held fram.

Sogndal

OPPRYKKSFESTEN: Sogndal-spelarane jubla førre onsdag. I dag lettar klubbleiinga på sløret med tanke på neste års spelarstall.

Foto: Tor Yttri

Hovland og Leciejewski

Ein annan Sogndal-spelarar som er stadig er objekt for spekulasjonar, er Even Hovland. Midtstopparen var sist vinter på prøvespel i Manchester United. Han har også vore ønskt av Molde.

Også Sogndal-målvakt Piotr Leciejewski er rekna som ein svært ettertrakta spelar. Polakken er rekna som den klart beste målvakten i 1. divisjon.

Olsen forlengjar

Espen Olsen vart den første som signerte ny kontrakt med Sogndal etter opprykket førre onsdag. Toppscoraren forlenga ut neste sesong.

Det er også klart at kaptein Lars Grorud blir å finne i Brann neste år.