Hopp til innhold

I den største byen i fylket blir det framleis ikkje samla inn plast

FØRDE (NRK): Trass i årevis med press har Sunnfjord miljøverk ingen planar om plastinnsamling.

Trine Bjarkøy på returpunkt i Førde sentrum

KJELDESORTERER: Trine Bjarkøy skulle ynskje det var like enkelt å vinne att plastavfall som glas og metall i Førde.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er trist. Plast i naturen er eit astronomisk problem, seier Trine Bjarkøy. Ho er ein av fleire som ynskjer ei ny ordning.

Ho vil ikkje bidra med å fylle på med meir plast i naturen og kjeldesorterer alt Ho er oppgitt over at det ikkje er ei ordning for plastinnsamling i Førde.

I Sogn og Fjordane har fleirtalet av kommunane plastinnsamling. Men dei sju kommunane som høyrer til Sunnfjord miljøverk samlar plastavfall og restavfall i same dunk. Avfallet blir sendt til forbrenning for å vinne ut fjernvarme.

Dersom ein vil levere inn plast til resirkulering, må ein sjølv køyre til ein miljøstasjon og levere det.

– Det er som å stange hovudet mot ein vegg

Fylkessekretær Marit Bendz i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane kjenner godt til problemstillinga.

– Vi har forsøkt i mange år og få til ei ordning for plastinnsamling, men kjem ingen veg med Sunnfjord miljøverk. Det er som å stange hovudet mot ein vegg.

Marit Bendz foran inngangen til Naturvernforbundet sitt kontor i Sogn og Fjordane

UFORSTÅELEG: Fylkessekretær i Naturvernforbundet, Marit Bendz, forstår ikkje kvifor SUM nektar plastinnsamling.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Bendz forstår ikkje kvifor Sunnfjord miljøverk ikkje kan samle inn plast slik dei fleste andre kommunane i Sogn og Fjordane gjer.

– Eg veit at folk reagerer på dagens ordning. Folk som flyttar hit blir alltid svært overraska over at vi ikkje samlar inn plast her.

Lite plast som faktisk resirkulerast

Styreleiar i Sunnfjord miljøverk, Oddmund Klakegg, stadfestar at det har vore møter med Naturvernforbundet om plastinnsamling. Men han seier at folk overvurderer kor mykje plastavfall som kan resirkulerast.

Sjølv om folk sorterer og leverer inn plast, så er det berre nokre frå prosent av det som faktisk kan resirkulerast. Resten blir brent.

Oddmund Klakegg foran Førde rådhus

LITE SOM BLIR RESIRKULERT: Styreleiar i Sunnfjord Miljøverk, Oddmund Klakegg, trur folk overvurderer kor mykje plast som kan resirkulerast.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Klakegg fortel at Sunnfjord Miljøverk er opptekne av å få til mest mogleg gjenvinning, og at dei jobbar med ei ny ordning.

– Det er ei ordning som inneber at avfallet blir sortert i seksten ulike fraksjonar før det blir resirkulert. Men då må plasten leverast i lag med restavfallet.

Eit spørsmål om medvit

Marit Bendz meiner det er viktig å gjere folk medvitne på forbruket sitt. Sjølv om ikkje all innlevert plast kan resirkulerast, så kan kjeldesortering føre til mindre plast i på lang sikt.

– Då eg byrja å kjeldesortere såg eg at 95 prosent av bosset er plast. Å sjå kor mykje plast som er i omløp får deg til å tenkje.

På returpunktet i Førde kommune er Trine Bjarkøy ferdig å levere inn glas og metall. Ho kjem til å fortsetje å sortere og levere plastavfall, sjølv om ho må køyre det vekk sjølv.

– Det handlar om framtida til borna våre. Eg vil ikkje vere med på å fylle opp jorda med plast.