I retten kom det fram at 31-åringen hadde mest lyst til å studere statsvitenskap, men at faren pressa han til å fullføre utdanninga og ta jobben som jurist. Faren er lensmann i ein kommune i Nordfjord.
Sterkt press
Den funksjonshemma mannen sa at han vart utsett for sterkt press. Alt då han gjekk på vidaregåande skule byrja presset frå foreldra om at han måtte velje eit yrke som jurist. Sjølv ønskte 31-åringen å studere statsvitskap då han var ferdig med vidaregåande skule. Men skulearbeidet gjekk ikkje så bra og han strauk i to fag. Dette heldt han skjult for familie og vener.
Gav etter
Han gav etter for presset frå foreldra og byrja å studere jus, vel vitande om at han aldri ville få noko juridisk embetseksamen så lenge han hadde stroke i to fag på vidaregåande. I ei kjensleladd forklaring i retten tysdag 24. september fortalde 31-åringen at han eigentleg ønskte å slutte på studia, men at han følte presset stå sterkt at han ikkje våga. Han var og fullt klar over at han kom til å verte avslørt.
Blei ikkje sjekka
På spørsmål om korleis han kunne få støtte frå Aetat i 10 år, utan å legge fram noko form for dokumentasjon, svara mannen at han brukte ulike orsakingar for at han ikkje kunne leggje fram papira etaten kravde av han. Aetat eller trygdekontoret gjorde heller ikkje noko for å sjekke om 31-åringen snakka sant.