- Vi arbeider med planer om å sjå på Astrup sitt forhold til japansk kunst, fortel direktør Morten Johan Svendsen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
- Er eigentleg japansk
Ved hjelp av ein japansk kunsthistorikar og japankjennaren Knyt Myrer, vil museumet finne ut meir om
sin inspirasjon av japansk kunst. I tillegg er museumet i ferd med å avslutte forhandlingar om bilete laga av dei japanske kunstnarane Hokusai og Hiroshige. Etter planen skal utstillinga stå på Astruptunet ferdig til neste sesong.- Vi kan vel nesten seie at han eigentleg er ein japansk kunstnar frå Jølster. Så pass tett opp til sine inspirasjonskjelder ligger han i ein del av verka, seier Svendsen.
Hamar: - Endeleg
Sogn og Fjordane kunstmuseum har den siste tiden fått hard medfart for de synkende besøkstallene etter at museumet tok over driften av Astruptunet. Tidlegare styreleiar for Astruptunet, Atle Hamar, er glad for at museumet endeleg satsar på noko nytt. Han har kritisert kunstmuseet for slapp drift av Astruptunet.
LES OGSÅ:
- Det betyr at Sogn og Fjordane Kunstmuseum endeleg byrjar å jobbe med det dei skulle gjere i utgangspunktet då vi gjekk inn avtalen. Nemlig å lage utviklande utstillingar på Astruptunet, seier han.