Hopp til innhold

Premierekveld for "Her er eg!"

I kveld er det premiere på nye episodar av "Her er eg!" i barne-tv. 14 nye born viser deg opplevingar frå livet i Sogn og Fjordane.

Her er eg!

Ronja Elmarsdottir, Sandra Reed, Marco Førde Labidi og Andreas Årseth blir alle å sjå på NRK Super i haust.

Foto: Silje Guddal

14 nye born, 12 nye episodar med 12 nye og spennande hendingar frå kvardagen til borna.

Kanskje er det nokon du kjenner som skal på skjermen denne gongen?

Andreas Årseth debuterer på skjermen allereie i kveld. Der utfordrar han bestefaren sin til eit slag golf. Andreas fortel at han var i leiinga dei første hola.

Kvardagsdokumentarar

Det er NRK Sogn og Fjordane med Eva Westvik i spissen som har laga serien. Westvik kallar episodane små kvardagsdokumentarar.

- Då vi starta opp i 2004 lagde vi 4 episodar. Så har det berre blitt meir og meir, seier Westvik.

Sjå Bjørn Erik frå Breim som var med i "Her er eg!" i fjor.

Serien har fått veldig gode tilbakemeldingar, både frå inn- og utland. Det er ikkje berre norske sjåarar som har hatt gleda av å sjå på borna frå fylket. ”Her er eg!" har blitt utveksla til fleire utanlandske kanalar, mellom anna arabiske Al-Jazeera.

"Her er eg!"

Nye skjermtroll: Krisitianne Fagerli, Kristina Løvold, Hanna Reksnes, Tone Hessevik, Andrea Løvold, Fride Audunsdotter Westvik, Aron Nordbye, Henriette Wiik, Laura Haugen, Viktoria Endal Jepsen

Foto: Asgeir Reksnes / nrk

Viktig at borna kjenner seg att

- At borna kjenner seg att både geografisk og språkleg er viktig for å få eigarskap til barne-tv, seier redaksjonssjef i NRK Super Ingrid Hafstad.

Ein av årsakene til at dei har valt å lage barne-tv i distrikta er at borna som ser på skal kjenne seg att i situasjonene på skjermen.

- Vi ønskjer å vise fram alt mangfoldet som Norge har å by på, seier Hafstad.

Ho meiner det er viktig at andre omgjevnader enn bybilete viser igjen på skjermen.

- Serien byggjer på dei same verdiane som NRK Super er bygd på, nemleg at barn skal bli sett og høyrt, seier Hafstad.

Går nyttårsbukk

Målgruppa til "Her er eg! er born mellom tre og åtte år. Kvar måndag fram til slutten av november kan ein bli med på nye opplevingar med borna.

To av episodane er sett av til å gå på nyttårsafta og 17. mai neste år. På nyttårsafta får ein vere med ein av ungane når dei går nyttårsbukk til naboane.

Før den tid kan born over heile landet vere med på møte med høner i hønsehuset, på supplybåten til bestefar og mange andre spennande opplevingar.

Andreas har invitert bestefar og bestemor til å sjå premieren saman med han, og så har han gjeve beskjed til skuleklassen sin. Om du vil sjå kven som vann golfrunden er det berre å skru på NRK Super kl. 18.00 i kveld.