Hopp til innhold

Premiere for flunkande ny barne-tv-serie

Korleis er det å vente nesten åtte år på å få møte faren sin? Eller vekse opp i sirkusfamilie? «Bli med heim» er ein heilt ny dokumentarserie der du får møte ulike born.

Montasje Bli med heim

PREMIERE: No er det klart for ein heilt ny serie på NRK Super. Du får møte ni born frå Vestlandet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ni born frå Sogn og Fjordane og Hordaland er med i serien som handlar om barn som veks opp i ulike typar familiar.

Familiar som på ein spesiell måte set vilkår for korleis oppveksten til dette eine barnet er, seier producer i NRK Sogn og Fjordane, Eva Westvik.

Både rørande og morosame

Målet med serien som har premiere 2. januar, er å gje kunnskap om det som er litt annleis. Og vise at sjølv om noko er ulikt, så er kanskje mesteparten likt.

I serien møter vi ein gut som bur ei veke hos mor og ei veke hos far, ei jente med to mødrer, ei adoptert jente og ein gut som har mista faren sin. Vi får også vere med ein gut som blir foreint med far sin etter nesten åtte års venting, vi møter jenta i ein søskenflokk på seks, jenta med blind mor, barn i sirkusfamilie og barn av foreldre som prøver å leve berekraftig.

– Vi trur både barn og foreldre vil like å bli kjende med desse barna og familiane deira. Nokre av historiene er rørande, andre morosame, seier Westvik.

Treng tips om fleire born

Eva Westvik

ØNSKJER TIPS: Programskapar Eva Westvik ønskjer tips om fleire born som kan vere med i serien.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Programskapar Eva Westvik og fotografane Arne Stubhaug og Ole Andre Rekkedal i NRK Sogn og Fjordane har brukt heile 2017 på å lage ni episodar.

– Kvar tysdag i ni veker blir det «Bli med heim», og ungane kjem frå Vågsøy, Jølster, Bergen og Austevoll, fortel Westvik.

I desse dagar startar arbeidet med å lage ein ny sesong «Bli med heim».

– Om nokon har tips til ungar i alderen seks til ni år med interessante familiar, er det berre å tipse meg! Mellom anna er eg på jakt etter ungar med mødrer eller fedrar som jobbar i Nordsjøen, på fiskebåt eller offshore.

Har du tips? Send det til sf@nrk.no og merk eposten med «Bli med heim».

Her er lista over barn og datoar for sending på Barne-TV, men heile serien kan sjåast på nettspelaren til NRK Super frå 2. januar:

  • 2. januar: Peter Olai Askvik Fardal frå Bergen bur ei veke hos mamma og ei veke hos pappa.
  • 9. januar: Anna Sussmann frå Bergen har to mødrer og ingen pappa.
  • 16. januar: Benhur Gebreyesus Twelde frå Vassenden i Jølster venta på pappa i nesten åtte år før han endeleg kom!
  • 23. januar: Mille Gangsøy frå Skavøypoll i Vågsøy bur i ein familie med seks søsken.
  • 30. januar: Max Marree-Wegman, opphavleg frå Måløy (no Nederland), har ein far som brått døydde av kreft.
  • 6. februar: Leah Smørdal Kvist frå Bergen veks opp i ein sirkusfamilie med blant andre morfar, Jan Kjetil Smørdal, som sirkusdirektør i Cirkus Agora.
  • 13. februar: Theptida Barmen frå Raudeberg i Vågsøy, blei adoptert frå Thailand til Raudeberg, åtte år gammal.
  • 20. februar: Victoria Hellesøy frå Austevoll, veks opp i ein familie der mor er blind.
  • 27. februar: Tuva Danielsdotter frå Holvik i Vågsøy veks opp i ein familie som har som mål å leve berekraftig.