Hopp til innhold

Prekær husmangel i Svelgen

Elkem Bremanger har jobbar, men finn ikkje bustad til nye arbeidarar.

Elkem Bremanger

TRENG FOLK: Elkem Bremanger skal utvide staben, men å finne husrom er inga enkel sak.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er ein klar mangel på husvære i Svelgen, seier verksdirektør Steinar Talle

– Frustrerande

Elkem Bremanger skal i løpet av kort tid tilsetje 10 til 15 nye arbeidarar, men har så langt ikkje klart å funne husvære til arbeidarane.

– På kort sikt er det klart at dette er frustrerande. Vi har varsla kommunen om dette tidlegare. Men vi må vere løysingsorienterte, seier verksdirektøren.

Vil leggje til rette for utbygging

I samarbeid med kommunen vil Elkem marknadsføre eit utbyggingsprosjekt til utbyggjarar.

– Vi trur dei kan tene pengar på dette i Svelgen.

(Artikkelen held fram til under biletet.)

Svelgen sentrum

SVELGEN: Her finst det ikkje ledige bustader.

Foto: Arild Nybø / NRK

Tomter til «gi bort»-pris

Talle seier verksemda står klar til å selje tomter dersom nokon ønskjer å byggje, også privatpersonar.

– Vi har nokre tomter som vi har selt til «gi bort»-pris, for å få ny aktivitet. Vi har nokre att og dei vil vi også gi bort til ein billig penge for dei som er interesserte i å byggje.

I verste fall hotell

– Kva skjer med nytilsetjingane dersom de ikkje finn husvære?

– Uansett må vi klare å finne ei løysing, om det så blir på hotellet, seier Steinar Talle.