Hopp til innhold

Kyrkjelyden fekk sjokk - preikestolen i den 183 år gamle kyrkja var søkk vekke

Då kyrkjelyden kom til gudsteneste i Tønjum kyrkje i Lærdal søndag, var preikestolen i den 183 år gamle kyrkja sporlaust vekke.

Tønjum kyrkje - preikestol markert

FJERNA: Tønjum kyrkje slik bygdefolket i Lærdal har vore vande med at den tek seg ut. No er preikestolen (markert) fjerna.

Foto: Jan Christian Jerving / Arkivfoto

– Det var jevligt.

Tidlegare kyrkjetenar Hans Hagheim tek i bruk sterke ord for å beskrive kva han følte då han kom inn i Tønjum kyrkje søndag. Framme til høgre i koret var preikestolen borte.

– Eg tente på alle pluggar og lurte på kva slag vandalisme dette var. Eg sa dette ville eg ha på plass att, fortel 72-åringen til NRK.

«Det er heilt tomt utan preikestolen. Det er berre alterringen og dåpsfonten att. Dei tek vel snart den også, fnyser pensjonisten.»

Hans Hagheim, tidlegare kyrkjetenar

Trudde ikkje sine eigne auge

Dei eldre i soknet var spesielt invitert til søndagens gudsteneste som var etterfølgt av suppeservering i prestegarden like ved. Men etter å ha sett kva kyrkjekontoret hadde gjort med preikestolen i langkyrkja frå 1832, var Hagheim alt anna enn feststemd.

Hagheim var kyrkjetenar i Tønjum i 40 år, inntil han gav seg for tre år sidan.

– Eg føler at når eg kjem inn i kyrkja, er det som eit kva som helst forsamlingslokale. Det er heilt tomt utan preikestolen. Det er berre alterringen og dåpsfonten att. Dei tek vel snart den også, fnyser pensjonisten.

Preikestol på lager

LIGG PÅ LAGER: Her på lageret til eit byggfirma i Lærdal ligg preikestolen frå Tønjum kyrkje lagra.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Krev at stolen kjem på plass att

Etter å ha oppdaga at preikestolen var vekke, tok Hagheim saka i eigne hender, og har alt vore på Lærdal kyrkjekontor for å klage.

Eg er døypt og konfirmert der. Det er nesten aldri full kyrkje. Men dei skal vel ha plassen til musikk. Nei, ta heller vekk eit par benkar fremst. Og få til at eit par skaplege stolar som vi eldre kan sitje i. Eg håpar inderleg at vi som er velvaksne blir lytta til, seier den tidlegare kyrkjetenaren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tønjum Kyrkje

FRÅ 1832: Tønjum kyrkje er ei av tre kyrkjer i normal drift i Lærdal. Og no den einaste utan preikestol.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

«Presten treng ikkje lenger stå høgt heva over folk. Personleg har eg brukt preikestolen éin eller maks to gonger i året.»

Helene Langeland, sokneprest i Lærdal

Soknepresten: – Ønskte oss betre plass

Sokneprest i Lærdal, Helene Langeland, beklagar at Hagheim føler kyrkja er vandalisert.

– Det er gjort i vår godheit. Vi har hatt ein sakleg og lang prosess. Eg blir litt lei meg når nokon seier at vi ikkje har lytta, seier presten som har mottatt fleire reaksjonar dei siste dagane.

Helene Langeland

BEKLAGAR REAKSJONANE: Sokneprest Helene Langeland i Lærdal er overraska over dei sterke protestane demonteringa av preikestolen har skapt.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Presten treng ikkje lenger stå høgt heva over folk. Personleg har eg brukt preikestolen éin eller maks to gonger i året, seier Langeland.

Etter å ha fått klarsignal frå både biskopen i Bjørgvin og Riksantikvaren, var det eit samrøystes kyrkjestyre i Lærdal som gjekk inn for å fjerne preikestolen.

– Men når det no er mange som reagerer, må vi nok sjå på dette på nytt. Det er naturleg at saka kjem opp att, opplyser soknepresten.