Hopp til innhold

Praktverk om Vingen lansert

I dag vart eit praktverk om helleristingsfeltet Vingen i Bremanger lansert. Det skjedde om bord i kystvaktskipet «Njord», eit par steinkast frå helleristingane.

Vingen-feltet - bokpresentasjon

BOKPRESENTASJON: Boka om Vingen-feltet vart lansert om bord i kystvaktskipet 'Njord' med Vingen i bakgrunnen. Forfattarane Gro Mandt og Trond Klungseth Lødøen fortel om boka.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det er Trond Klungseth Lødøen og Gro Mandt som har skrive boka «Vingen. Et naturens kolossalmuseum for helleristninger».

Ì dag var det og ei markering av at det er 100 år sidan Kristian Bing oppdaga helleristingane i Vingen.

Helleristing i Vingen

HJORTEFIGUR: Ein av dei 2200 figurane i Vingen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Størst i landet

Ei rekkje gjester kom med kystvaktskipet «Njord» i det lenge etterlengta fine haustvêret, mellom dei riksantikvar Jørn Holme.

Vingen er det største helleristingsfeltet i landet med om lag 2200 figurar. Før boka som vart lansert i dag kom har berre litt av omfanget vore publisert.

Vingen-feltet - ilandstigningsforbod

RESTRIKSJONAR: Det er forbod mot å gå i land i Vingen utan særskilt løyve.

Foto: Silje Guddal / NRK

Forbod mot å gå i land

Omsynet til dei meir enn 6000 år gamle figurane gjer at det er strenge restriksjonar. Det må særskilt løyve til for å få i land, og det er ikkje veg til området, som ligg på fastlandssida av Frøysjøen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.